Hopp til innhold

Vil droppe annakvart allround-VM

Dersom ISU får det som dei vil, blir det allroundmeisterskap på skøyter berre annakvart år i framtida. Det vekker reaksjonar.

Allround-VM

LAURBÆR: Allround-VM berre annakvart år, foreslår ISU. Nei, samle heller alt i ei VM-veke slik Norges Skøyteforbund vil, seier Håvard Bøkko – her til venstre med sølvet frå allround-VM på Hamar i 2013. Verdsmeister Sven Kramer i midten og bronsevinnar Bart Swings til høgre

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Dei 20 siste åra har norske skøyteløparar vore aktuelle for fire internasjonale meisterskap kvart einaste år. Både VM allround, VM enkeltdistansar, VM sprint og EM.

Kritikarane meiner så mange meisterskap stel merkseimda frå kvarandre. Difor vil ISU sjølve no endre strukturen ved å arrangere allroundmeisterskap berre annakvart år. Denne veka skal dei stemme over forslaget, som gjev to meisterskap i året (tre i OL-sesongar), på skøytekongressen i Kroatia.

Laster Twitter-innhold

Håvard Bøkko misliker forslaget.

– Eg ville heller hatt ei meisterskapsveke over to helger, seier Bøkko til NRK.

Ei meisterskapsveke er akkurat det Norges Skøyteforbund føreslår til kongressen: Ein meisterskap på same arena over ti dagar, med alle dagens VM i eitt.

– Luksusproblem

– I dag er meisterskapa så spreidde at ein må vere spesielt interessert for å vite kvar og når dei er. Det går ut over interessa. Får vi samla dei, vil VM-interessa bli meir konsentrert. Det er betre enn færre meisterskap, og allround berre annakvart år, seier Bøkko.

– Betyr ikkje det at de som er aktive må velje vekk endå meir?

– Ja, men det er eigentleg eit luksusproblem.

Det nye forslaget inneber også at 10.000-meteren blir teken inn att på EM-programmet, etter at ISU i 2014 vedtok å fjerne den.

Fleire verdscup-helger

Samstundes vil ISU samle sprint- og allround-VM i eitt stemne over tre dagar. Dermed skal det bli plass til to ekstra verdscuphelger i løpet av sesongen.

– Det er bra, men fleire verdscuphelger blir det også med ei VM-veke, seier Bøkko.

På grunn av kommersielle avtaler vil ikkje ein ny meisterskapssyklus bli teken i bruk før sesongen 2019/20.

Allroundmeisterskap har røter heilt tilbake til 1890-talet, og har i det meste av denne tida vore dei einaste meisterskapa. Fikling med slike tradisjonar skaper storm.

Underskrifter for bevaring av allround

Jaap Eden

TRADISJON: Allround-VM har ein over 100 år lang tradisjon. Jaap Eden var ein av dei første store allroundløparane, med tre VM-titlar på 1890-talet

Lars Finsen har følgt skøytesporten tett sidan rundt 1970, og kjempar for allround-meisterskapa.

– Vi som har vakse opp med allround, har det som dei store meisterskapa. Det er ein heilt anna dimensjon over å vinne samanlagt enn eit enkeltløp. Derfor er det eit feilgrep å redusere talet på allroundkonkurransar, seier Finsen til NRK.

– Forstår du argumentet om å ta vekk nokre VM for å gi meir merksemd til dei andre?

– Eg har ikkje sans for å gjere sesongane mindre interessante. Vi vil ha fleire høgdepunkt i sesongen, ikkje færre.

Han har sett i gang ein internasjonal underskriftskampanje til støtte for allroundmeisterskap. Men den har ikkje gitt så stor oppslutnad som Finsen hadde håpa.

– Det har berre blitt litt over 660 underskrifter frå eit dusin land. Mellom dei er det også nokre kjende skøyteløparar, seier Finsen.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal