NRK Meny
Normal

Så knust blir du når EM-draumen ryk i siste liten

SOTRA (NRK): – Eg er heilt tom. Dette er noko av det verste eg har vore med på, resignerer Mathias Loftesnes.

EM-håpet knust mot Israel

KNUST: Dei norske spelarane var knuste etter å ha tapt siste og avgjerande EM-kvalifiseringskamp mot Israel.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dette var helga der volleyballandslaget skulle ta kvantesteg mot eit historisk EM-sluttspel.

Mathias Loftesnes

TOM: Mathias Loftesnes var skuffa etter tapet for Israel.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men israelarane hadde andre planer og kunne sleppe jubelen laus etter ein høgdramatisk kamp i Sotra Arena. Attende stod norske spelarar med gråten i auga.

– Vi var så utruleg nærme, men rotar det til på slutten. Det er utruleg kjipt, seier Mathias Loftesnes.

– Idretten er hard

– Vi har nok av moglegheiter, men klarer ikkje setje sjansane. Det er ikkje godt nok. Vi har trena knallhardt for dette, så gutane er utruleg skuffa, legg sogndølen til.

Om skuffelsen var stor hos Førde-spelaren, var den endå større hos Andreas Takvam. Med siger over England og Ungarn låg alt til rette for ein sportsleg festkveld berre 200 meter frå barndomsheimen.

Norsk tremannsblokk mot Israel

STORSPELTE: Norge følgde taktikken nærast til punkt og prikke, men fall for eigne feil mot Israel.

Foto: Rune Fossum / NRK
Andreas Takvam

STORSPELTE: Andreas Takvam storspelte for Norge, men kunne ikkje hindre at Israel trekte det lengste strået.

Foto: Rune Fossum / NRK

22-åringen leverte ein kjempekamp med 21 poeng. Det er mykje for ein midtspelar.

– Det er marginane. Idretten er hard. Eg hadde ei verkeleg god kjensle av at vi skulle klare det. Vi spelar god volleyball, men gjer nokre dumme feil, seier han.

Fem sett

Scott Olsen, norske landslagstrenaren i volleyball

MARGINAR: Landslagstrenar Scott Olsen konstaterer at det gjekk på marginane laus i den avgjerande kvalifiseringskampen mot Israel.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Andreas var fantastisk. Men taktikken var også å legge mykje til han. I dag losna det veldig, men også Rune Fasteland var veldig god, seier landslagstrenar Scott Olsen.

Israel og Norge måtte gjennom fem sett, før israelarane kunne juble for 3-2-siger (25-23, 22-25, 25-20, 17-25, 15-14).

For å gjere vondt verre, var Norge i føringa med fleire poeng i siste settet.

– Vi følgde taktikken og matcha eit godt israelsk lag. Det var krig og svinga heile vegen, men vi manglar til slutt eitt poeng på å vinne heile gruppa og gå vidare til andre runde av EM-kvalifiseringa, seier Olsen.

EM 2019

Allereie er landslaget byrja å peile seg inn på nye mål. Til neste år er det duka for VM-kvalifisering og litt lenger framme ventar EM i 2019.

– Då utvidar dei til fleire lag, og eg føler vi har sjansar til å vere der då, seier Olsen.

Det trur også Takvam.

– Eg føler vi har utvikla oss bra og eg håpar vi klarer det neste gang, seier han.

Siste nytt

  • La Liga-trener frir til Iniesta

    Quique Setién, trener for den spanske La Liga-klubben Real Betis, bønnfaller Barcelona-veteranen Andrés Iniesta om å fortsette karrieren i Spania. Spanske medier har spekulert i om Iniesta er på vei til Kina, men Setién ønsker det annerledes. – Vi skylder Iniesta så mye. Det er en fantastisk mann bak den fantastiske spilleren. Dette er min måte å takke ham på, sier Setién til klubbens hjemmeside.

    Laster Twitter-innhold
  • Chile klar for fotball-VM

    Chile er klar for sitt første fotball-VM for kvinner etter at de slo Argentina 4-0 i siste runde av Copa America. Seieren betyr at Chile endte på andreplass i turneringen, som igjen betyr at de kan bestille billetter til VM i Frankrike i 2019. Brasil vant turneringen, og er dermed klar for både VM og Tokyo-OL i 2010.

    FBL-WOMEN-AMERICA CUP-ARG-CHI
    Foto: CLAUDIO REYES / AFP
  • Martinsens IceHogs med ny seier

    Andreas Martinsen ser ikke ut til å bli tilgjengelig for det norske landslaget med det første. Søndag vant hans AHL-lag Rockford IceHogs 5-2 hjemme mot Chicago Wolves, og dermed leder IceHogs 2-0 i best av fem kamper. Ishockey-VM starter 04. mai.

    martinsen for norge
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08