NRK Meny
Normal

Island jubla for VM i heile natt: – Det er surrealistisk

Island stod på hovudet etter at landet i går kvalifiserte seg til fotball-VM i Russland neste år.

Island jubler

JUBEL: Fyrverkeriet eksploderte på og rundt stadion då Island blei VM-klar

Foto: Brynjar Gunnasrson / AP

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ikkje tull. Vi er klar for VM, hylte Islands legendariske tv-kommentator Gudmundur Benediktsson då sluttsignalet gjekk og Island hadde slått Kosovo 2–0.

– VM, Pele, Maradona. Og Aron Einar Gunnarsson, ropa landslagssjef Heimrt Hallgrimsson inn i tv-kamera.

Gunnarsson er kapteinen som har leia Island til VM. Bak trenaren song spelarane av full hals lagsongen «Ferdalok» (Eg er heime).

Fyrverkeriet eksploderte over Laugardalsvöllur ved kampslutt. Seinare på kvelden møtte store folkemengder opp på Ingolfstorg i sentrum av Reykjavík då bussen med laget kom og spelarane helsa fansen i høljeregnet.

Island klarte å kvalifisere seg til fotball-VM, da de vant 2-0 over Kosovo.

VM-RUS: Hør den islandske kommentatoren fra den avgjørende kampen mot Kosovo.

– Vesle Island til VM. det er heilt surrealistisk, seier Gunnar Atli Thorodssen til Reuters. – I morgon skal eg kjøpe billett til Russland.

Emmsje Gauti er ein av Islands mest kjende rapparar. Han sprang fram og tilbake på scena og song «Reykjavík er okkar» (Reykjavík er vårt).

Barane i Reykjavík stengjer vanlegvis klokka 01 på vekedagane. I natt heldt dei ope til langt utpå morgonen.

Det betyr nok laber produktivitet på øya i dag. Men neppe like laber som når Island skal spele i Russland til sommaren.

Minste VM-deltakar nokon gong

Island feirer

MINST: Med 340.000 innbyggjarar er Island det minste landet som nokon gong har kvalifisert seg til VM

Foto: HARALDUR GUDJONSSON / AFP

Kampen var ikkje vakker i det ufyselege vêret i Reykjavík, men sigeren var nok til å sikre gruppesigeren og VM-plassen.

Island makta dermed å forsvare EM-deltakinga i fjor, der dei nådde kvartfinalen etter å ha slått ut England. Der var det 24 lag med. I VM er det berre 13 europeiske plassar til disposisjon.

Island er med sine knapt 350.000 innbyggjarar det minste laget som nokosinne har kvalifisert seg til eit VM-sluttspel. Den tidlegare rekorden hadde Trinidad og Tobago med 1,3 millionar innbyggjarar, og deltok i 2006.

– Vi er nummer 22 i verda, og vi høyrer til i VM, seier Aron Einar Gunnarsson.

I kvaliken til 2014-VM var det sensasjon då Island kom til playoff. Der tapte dei mot Kroatia.

– Heilt sidan det tapet har vi hatt som mål at denne gongen skulle vi kvalifisere oss. Etter mi meining var vi i den vanskelegaste gruppa. Vi bestemte oss for å fullføre dette. Og vi ville ikkje gå via playoff, la landslagskapteinen til.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Kirkevold forlenget målrekorden

    Pål Alexander Kirkevold bøtter inn mål i den danske superligaen. Søndag scoret Hobro-spissen i sin tiende kamp på rad i 4-0-seieren over Nordsjælland, skriver NTB. Den forrige rekorden var mål i åtte kamper på rad.

    Kirkevold
    Foto: Henning Bagger / Scanpix Denmark / NTB scanpix
  • Bjørgen måtte utsette høydeopphold

    Marit Bjørgen har vært smittet av streptokokker og måtte utsette avreisen til landslagets høydesamling i Val Senales, skriver Adresseavisen. 37-åringen skulle egentlig slutte seg til landslaget i Italia onsdag, men ankommer først søndag, skriver avisen.

    Bjørgen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Márquez økte VM-ledelsen

    Marc Márquez har 33 poeng til nestemann i VM-sammendraget etter å ha kjørt inn til en overlegen seier i Australias Grand Prix i roadracing. Triumfen sørget for at Márquez har ytterligere 22 poeng ned til Andrea Dovizioso i sammendraget, skriver NTB.

    Marquez
    Foto: Andy Brownbill / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien fotball: Brann - Rosenborg