Isinbajeva fekk vervet for seks månader sidan, men fekk sterk kritikk i den såkalla McLaren-rapporten som avslørte omfattande systematisk doping i russisk idrett.
Den tidlegare stavhopparen Isinbajeva blei sterkt kritisert for å ha kalla doping-skuldingane mot Russland urettferdige og eit «politisk spel».
Tidlegare denne månaden blei russiske idrettsleiarar samde om å be Isinbajeva gå av for å imøtekome kravet frå WADA, som ein del av arbeidet med å få Russland tilbake i internasjonal idrett.
Kan bli heva seinare i år
Tidlegare i mai sa WADAs president Craig Reedie at suspensjonen av Russland kan bli heva seinare i år. Det vil i så fall bli i tide til vinter-OL i Korea i februar.
Russlands visestatsminister Vitali Mutko sa nyleg at landet vil etterkome alle WADAs krav.
Sjølv meiner ho at ho har fått det russiske antidopingbyrået RUSADA på rett spor på vegen fram mot betre dopingkontroll og internasjonal deltaking igjen.
– Eg er glad for at vi har kome så langt. Eg veit at eg må gå av for å gje plass til ein ny leiar som vil fullføre jobben, sa ho då ho gjekk av, ifølgje firstpost.com.
Men russiske media melder samstundes at Isinbajeva skal halde fram i RUSADAs styre.
28 russiske søknader avviste
Det internasjonale friidrettsforbundet IAAF har avvist 28 søknader frå russiske utøvarar om å få delta internasjonalt som uavhengige utøvarar. Berre tre fekk klarsignal.
Dei tre er Ksenija Aksijonova (400 meter), Vera Rebrik (spyd) og Vera Rudakova (400 meter hekk). Det betyr mellom anna at desse kan delta i VM i London i august, men ikkje under russisk flagg.
Namna på dei 28 avviste er ikkje offentleggjorde.
Tidlegare har ti russarar fått grønt lys. Men 27 saker er framleis under vurdering, melder BBC. Mellom dei som framleis ventar, er Ivan Ukhov (gullvinnar i høgde i OL 2012), Lukman Adams og Jekaterina Koneva (innandørs-verdsmeistrar i tresteg frå 2014).
Russland blei i november 2015 utestengt frå all internasjonal friidrettsaktivitet etter avsløringar om omfattande systematisk doping gjennom fleire år. Det innebar utstenging frå Rio-OL i fjor, der lengdehoppar Darja Klisjina var einaste russiske deltakar.
Utestenginga vart i februar i år forlenga slik at den også omfattar årets VM.
Men IAAF opnar for å la utøvarar som har vore gjennom internasjonalt godkjende dopingkontrollar, få delta som uavhengige utøvarar.
– Eg er takknemleg for arbeidet som medlemene i dette panelet. Fristar og tidsavgrensingar må ikkje stå i vegen når vernet av reine utøvarar står på spel, seier IAAF-president Sebastian Coe.