Siste nytt

  • Solskjær-elevar nominert til pris

    Tre Manchester United-spelarar er blant dei åtte som har blitt nominert til prisen for årets unge spelar i Premier League.

    Etter ein sterk sesongavslutning blei angrepstrioen til Manchester United – Mason Greenwood, Anthony Martial og Marcus Rashford – nominert til prisen som spelarar opp til 24 år kan vinne.

    Dei andre nominerte er Liverpools Trent Alexander-Arnold, Chelsea-duoen Mason Mount og Christian Pulisic, Dean Henderson som denne sesongen er på lån frå Manchester United til Sheffield United, og Aston Villas Jack Grealish.

    Rashford, Martial og Greenwood
    Foto: PAUL ELLIS / AFP
  • Warholm vurderer å trekkje seg

    Karsten Warholm vurderer sin deltaking i Diamond League-stemnet i Monaco neste helg, etter at fyrstedømet på torsdag fekk status som eit «raudt land» av Folkehelseinstituttet.

    – Slik situasjonen er no så treng vi tid. Vi er i ei vurderingsfase, og har ikkje meir informasjon om saka no, skriv Warholm sin agent, Kristine Haddal i ein SMS til NRK.

    Til arrangøren av stemnet har Warholm sjølv sagt at Monaco blir eit høgdepunkt for han denne sesongen.

    Det norske friidrettsforbundet seier til NRK at dei ikkje vil forby norske utøvarar å reise til stemnet.

    – Vi ber berre utøvarane om å tenkje seg nøye om før dei bestemmer seg for å reise ut av landet, seier toppidrettssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, til NRK.

    Helseminister Bent Høie seier til NRK at utøvarane må i karantene, der dei ikkje kan vere i kontakt med andre, etter reise til raude land.

    – Deltaking i stemner må dei vurdere sjølve, men generelt fråråder vi reiser til raude land, seier han.

    Karsten Warholm etter 300 meter hekk på Impossible Games. 11.06.2020
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • Nani-dobbel i MLS-semifinale

    Portugisiske Nani scora to mål på seks minutt då Orlando City tok seg til finalen i MLS-sluttspelet, med ein 3–1 siger mot Minnesota United. Begge desse måla kom i første omgang.

    I andreomgang sørga Mason Toye for spenning i kampen med ei redusering sju minutt før slutt. Men seks minutt på overtid fjerna Benji Michel all tvil, då han sørga for at kampen enda 3–1 til Orlando.

    Dermed skal Orlando City møte Portland Timbers i MLS-finalen natt til onsdag.

    Nani, Orlando City
    Foto: Douglas DeFelice

Sendeplan

Kl. Program Kanal