Hopp til innhold

Ishockey-presidenten er einig i at Iben (16) blir diskriminert – forbundet vil ikkje endre reglane

«Alle» er samde om at Iben Tillmann (16) og hennar landslagsvenninner har grunn til å vere forbanna, men ho kan likevel ikkje rekne med hjelp av den norske ishockeypresidenten.

Iben Tillmann

SKUFFA OVER REGLEMENTET: Iben Tillmann. Her frå landslagssamling i Fredrikstad.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

På trening med gutelaget kan Iben Tillmann takle motstandaren i vantet. Det kan ho ikkje på trening med kvinnene, og det tykkjer ho er uforståeleg.

– Eg tykkjer det er diskriminerande. Eg tykkjer det er heilt sjukt at ein person i leiinga kan seie at damer ikkje får lov til å takle, men menn får lov til det. Og det er inga god grunngjeving for det. Eg har i alle fall ikkje høyrt noko god grunn, seier Tillmann til NRK.

Forbodet mot takling har alltid vore etablert på kvinnesida i ishockey. Samstundes har det skjedd ei utvikling i sporten, og no tykkjer Tillmann og resten av landslagsutøvarane at det er på tide med ei endring.

Heng langt etter

Denne veka er ishockeylandslaget i Austerrike for å spele OL-kvalifisering mot Ungarn, Polen og Tsjekkia.

Hockeytalentet Iben Tillmann (16) er med i troppen for fyrste gong, og har sett seg store mål for framtida. Ho byrja på hockeyskulen som treåring, og i dag spelar ho for Stjernen sitt U-16-lag og for gutane i same klubb.

Draumen er å få leve av ishockey, men enn så lenge vel ho klubb med bakgrunn i at ho framleis får lov til å trene med gutane.

Iben Tillmann

FRUSTRERT: Iben Tillmann.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Ho tykkjer det er trist at kvinnene ikkje får lov til å takle, og meiner at utviklinga av sporten lir av det. Det same gjeld bruken av gitter. Kvinnene må spele med gitter på hjelmen, men hjå herrane er det valfritt.

– Det er heilt sjukt at vi ikkje får lov til å velje sjølv. Kva har det å seie? Det er ikkje noko forskjell. Det er ikkje slik at om eg får ein puck i munnen, så er det noko anna fordi eg er jente og ikkje gut, seier ho og held fram:

– Det er ein måte å ikkje vise likestilling på. I 2021 burde vi vore på ein anna stad enn vi er no, seier ho.

Iben Tillmann

SKILNAD: Iben Tillmann må bruke gitter på landslagssamling, for å skjerme andletet.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Stussar over valet

Mille Rose Sirum (21) og Line Bialik (35) er to andre utøvarar som er klare for OL-kvalifiseringa i Austerrike. Sirum spelar til dagleg på college i USA og Bialik er i AIK i Sverige.

Begge to steller seg bak lagvenninna.

– Eg tykkjer det er gammaldags. Det er skilnad på gutar og jenter, men eg tykkjer begge burde ha same reglar og få lov til å køyre på. Vi er ikkje noko pinglete, vi damer, seier Sirum.

Mille Rose Sirum

UNG OG LOVANDE: Mille Rose Sirum.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Årsaka til at reglementet blei innført, var for å jamne ut nivåforskjellen på kvinnene som spelar ishockey. Unge jenter blir slept til på seniorlaga tidlegare enn på herresida, for å sikre at ein kan stille med fulltalige lag.

Likevel er utøvarane einige om at reglementet må endrast.

– Nokre er jo større enn andre uansett. Eg forstår det med aldersforskjellen, men eg tykkjer framleis at ein må få la oss kvinner takle litt meir. Det spørst på dommarane og ligaen du spelar i, men det er ganske sensitivt tykkjer eg, seier Sirum.

Bialik har vore i gamet lenge, og forstår at dei nyaste tilskota stil spørsmålsteikn ved reglementet.

– Tiden er inne for å endre litt på det. No er kulturen og spelarane i kvinnehockey blitt mykje jamnare. Eg tykkjer ein kan byrje med det allereie frå yngre alder, slik som gutane har det, og at frå ein viss alder skal du få lov til å takle, seier ho og held fram:

– Det blir litt feil å seie til meg som er 35 år gammal, at i morgon skal vi takle. Det blir ein omstilling for dei som har spelt i så mange år utan det, men for Iben og dei andre i yngre alder så trur eg det berre er sunt, seier Bialik til NRK.

Lina Biallik

LENGE MED: Line Bialik er ein av dei eldste på landslaget.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Håpar på endring

Tage Pettersen, president i Noregs ishockeyforbund, er tydeleg på at målet er å få så like reglar som mogleg for kvinner og menn.

Han har full forståing for kvifor jentene tykkjer det både er diskriminerande og gammaldags.

– Eg er einig i at ishockey skal vere ein kontaktidrett, og vi skal sørge for å få til det, men det må vi få til i lag med resten av den internasjonale ishockeyen. Eg er veldig glad for at jentene no pressar på, seier han.

Tage Pettersen

PRESIDENT: Tage Pettersen.

Foto: Berit Roald / NTB

Noregs ishockeyforbund vil nemleg ikkje endre på regelverket her heime, i frykt for at kvinnene kjem til å lide av det med ein gong dei skal ut i internasjonale konkurransar.

– Vi må stelle oss til eit internasjonalt regelverk i dag. Skulle jentene spelt med eit regelverk her i Noreg, ville konsekvensen for eksempel blitt at dei hamna i utvisingsboksen i store delar av OL-kvalifiseringa, seier han.

Han fortel at han sit med inntrykket at det internasjonale forbundet har målsetjingar om å løfte kvinneishockeyen i tida framover, og her heime er sjølve reglementet ein av hovudtemaa på Idrettstinget neste år.

Presidenten har i alle fall sett seg eitt mål:

– La oss ha det som ambisjon at vi skal klare det før neste OL. Det er sikkert nokre som meiner det er ein tøff ambisjon, men eit så hårete mål må vi faktisk ha, avsluttar han.

Siste nytt

  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal