Ho vedgjekk dette sjølv i eit intervju med den russiske nattstaden R-Sport i dag. Meldonium er eit dopingmiddel som kom på forbodslista 1. januar i år.
Bobrova (25) og partneren Dmitri Solovjev er regjerande OL-meistrar i isdans, etter gullet på heimebane i Sotsji i 2014. Dei tok også EM-gull i 2013, og bronse i EM så seint som i januar i år.
Det var etter den konkurransen dei vart testa, og ho vart avslørt.
Derfor må dei trekke seg frå VM i Boston i slutten av denne månaden.
Sjølv seier ho at ho ikkje veit korleis ho fekk i seg stoffet.
– Det var eit sjokk. Vi visste at dette stoffet er ulovleg. Og vi er alltid svært nøye med kva vi får i oss, seier ho på telefon til R-Sport.
Det internasjonale skøyteforbundet vil overfor Associated Press verken stadfeste eller avkrefte dopingprøva, og viser til medisinsk teieplikt.
Meldonium var mykje brukt for idrettsutøvarar i sovjettida, då det ikkje var forbode. Sidan det kom på forbodslista, har to ukrainske skiskyttarar blitt tatt for å ha brukt det.
Bobrova ønskjer ikkje å få B-prøva analysert. Det betyr truleg to års utestenging.
Trenar Alexander Zjulin stadfester at det vart funne store konsentrasjonar av meldonium i prøva, og meiner ho må ha fått det i seg utan å vite det.
– Ho er ei intelligent kvinne som heilt sikkert ikkje medvite har tatt stoffet under EM. Ho fekk det i seg i løpet av dei siste 24 timane under EM, seier ein sjokkert trenar.