Domskomiteen i FEI har konkludert med at hesten Waterford Crystal hadde brukt ulovlege middel under leikane. Dermed mister Irland den einaste gullmedaljen dei tok i Athen-OL.
O'Connor blir også utestengd i tre månader og får ei bot på drygt 25.000 kroner.
Men komiteen slår likevel fast at han ikkje medvite dopa hesten for å forbetre prestasjonsevna.
O'Connor vurderer å anke avgjerda, og har 30 dagar på seg til det. Dersom anken ikkje fører fram, vil Rodrigo Pessoa få gulmedaljen. Chris Joppler, USA, får sølv, og Marco Kutscher frå Tyskland bronse.