Hopp til innhold

Iranske fans reagerer kraftig etter synging: – Vi er imot det som skjer

Fleire iranske fans er lite nøgde med at landslaget song nasjonalsongen. Mange hadde stilt opp i T-skjorter med «Woman Life Freedom», og viste tydeleg si støtte til protestane i heimlandet.

Norsk-iransk fan utenfor stadion etter kampen mellom Iran og Wales i fotball-VM i Qatar.

VIL IKKJE SYNGE: Ein norsk-iranar som var til stade på Iran sin kamp mot Wales, likte ikkje at landslagsspelarane song nasjonalsongen.

Foto: Roy Kenneth Sydnæs Jacobsen / NRK

Til kontrast frå opningskampen mot England, valte dei iranske landslagsspelarane å synge med på nasjonalsongen i deira andre VM-kamp mot Wales.

Det var det fleire iranske fans som reagerte på.

– Eg likte ikkje at dei song nasjonalsongen. Eg syng ikkje, ingen av oss iranarar liker å synge nasjonalsongen no, seier ein norsk-iranar til NRK, som hadde mala ansiktet i grønt, kvitt og raudt.

– Kvifor syng de ikkje?

– Vi er imot det som skjer i Iran no, seier han vidare.

Ein mann som hadde på seg ei T-skjorte der det stod «Woman Life Freedom», hadde håpa at Iran hadde droppa å synge med, slik som i første kamp.

– Eg håpte at dei ikkje skulle gjere det, men eg forstår kvifor dei gjorde det. Eg har konkludert med at det kanskje er fordi dei er under press frå Iran, seier mannen som er fødd i Iran, men som bur i Vancouver i Canada.

Kanadisk-iranske fans etter Iran mot Wales.

MARKERTE: Mannen frå Canada meiner det er viktig å rette merksemd mot protestane i heimlandet Iran.

Foto: Roy Kenneth Sydnæs Jacobsen / NRK

Fryktar arrestasjon

Drøssevis av tilskodarar hadde kledd seg opp med effektar som markerte mot situasjonen i heimlandet, medan andre viste si støtte til Iran ved å ta i bruk landets fargar på ulike måtar.

Mannen frå Vancouver påpeiker at T-skjorta med «Woman Life Freedom» blei teken i bruk for å markere mot regimet, og ikkje fotballaget.

– Det er viktig å bruke moglegheita vi har for å rette merksemd mot protestane og menneska i Iran, som mistar livet og levebrødet sitt. Det er ikkje ein protest mot laget, men mot regimet, seier han vidare.

Ei anna gruppe menneske som NRK har vore i kontakt med, som var kledd opp i kvite T-skjorter med same utsegn, ville ikkje stille opp på kamera.

– Vi vil gjerne reise tilbake til Iran utan å bli arrestert, sa dei.

T-skjorter utenfor stadion etter kampen mellom Iran og Wales i fotball-VM i Qatar.

ANONYME: Denne gruppa ville ikkje uttale seg om kvifor dei brukte T-skjortene.

Foto: Roy Kenneth Sydnæs Jacobsen / NRK

Under kampen skal ei kvinne på tribunen ha opplevd at protestflagget hennar blei konfiskert av qatarske vektarar. Det skriv Reuters.

På flagget stod det «Woman Life Freedom», og ho hadde også ei T-skjorte som det stod Mahsa Amini på, namnet til den iranske kvinna som døydde i politiets varetekt.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group B - Wales v Iran

Det skal ha vore flagget til venstre som blei konfiskert.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group B - Wales v Iran

Her får kvinna besøk av vektarane.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group B - Wales v Iran

Her blir flagget undersøkt.

Enormt press

Mange var spente på kva markering det iranske landslaget ville gjere etter at fotballspelaren Voria Ghafouri blei arrestert i heimlandet etter å ha tvitra eit bilete med ei kurdisk landslagsdrakt.

I staden valte landslaget å synge med på nasjonalsongen, og det trur ekspertar at dei blei pressa til å gjere.

– Eg trur dei har blitt pressa til å synge. Det var nokon som prøvde å bevege på leppene så vidt, seier Sharam Alghasi til NRK, som er norsk-iranar og mediesosiolog.

Sidsel Wold, som er NRKs tidlegare midtausten-korrespondent, stiller seg bak Alghasi.

– Dei må ha vorte utsette for eit press. Då dei ikkje song var det ei fornærming mot det iranske regimet som har sendt dei dit, seier Wold.

Ho held fram:

– No song dei so vidt det var. Men det var ein stor forskjell på korleis Wales song og iranarane song. Dei song ikkje med noko kraft.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group B - Wales v Iran

SONG: Iransk startellevar.

Foto: CARL RECINE / Reuters

– Trur du at nokon har gitt dei beskjed om å synge?

– Eg ser at det er folk som tvitrar det, at dei må ha blitt trua til å syngje eller late som om dei syng, seier Wold.

Mediesosiolog Alghasi meiner at spelarane er sterkt prega av situasjonen i heimlandet.

– Desse spelarane er under eit ganske vanvitig press. Både frå myndigheitene og frå opposisjonen, folket. Laget er delt med tanke på kva dei skal representere, seier han.

Usikre på gråting

Ekspertane meiner det kan vere fleire grunnar til at publikum gret medan nasjonalsongen blei spelt av.

– Det er veldig mykje kjensler. Folket er eigentleg veldig glade i landet sitt, men nokre meiner at dei er forrædarar og svikarar. Det kom til uttrykk i den første kampen. I dag var det kanskje meir positiv. No er det fleire som heiar dei fram, seier Alhasi.

Wold har ein annan forklaring.

– Dei som gret, gret kanskje fordi landet representerer eit veldig opprørt land. Samstundes er det nokre som buar fordi dei meiner at laget ikkje burde spele når landet er i eit så stort opprør. Mange var jo sinte på det iranske landslaget fordi dei besøkte presidenten før dei reiste til VM, og tok bilete med han, påpeiker Wold.

Ho er spent på kva som vil skje med spelarane etter meisterskapen.

– Stakkars det iranske landslaget. Det vil bli harde reaksjonar når dei kjem heim, dei som bur i Iran. Dei er verkeleg mellom barka og veden i dette VM-et, mellom folket og regimet, seier Wold.

Sjå Sidsel Wold snakke om synginga her.

Les også Medier: Iransk fotballprofil arrestert for «propaganda» mot regimet

Vouria Ghafouri

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal