Norway Cup-generalsekretær Tony Isaksen sendte i dag ein historisk invitasjon til generalsekretæren i det nordkoreanske fotballforbundet.
Målet hans er å få nordkoreanske jente- og eit gutelag til verdas største fotballturnering for aller første gang neste år.
Håpet er å kunne gje barn og ungdom sjansen til å sjå verda utanfor det avstengde regimet, og bidra til å gjøre det lukka landet litt opnare.
– Akkurat som musikk er fotball eit internasjonalt språk som alle forstår. Det er nøytralt og det har ingen politisk agenda, seier generalsekretær Tony Isaksen i Norway Cup.
Kritikk
Nasjonen har provosert resten av verda med aggressiv atomvåpenpolitikk og krenking av menneskerettigheiter.
Derfor kom det som ei stor overrasking då Jørn Andersen sa ja til å bli landets landslagssjef i fotball.
Nordmannen har blitt kritisert for å ta jobben, men forsøker også å få fotballnasjonen ut i verda, og har ønska at nordkoreanske lag skal få komme til Norway Cup.
– Viss vi kan vise at vi er gode til å spele fotball kan det kanskje vere ein brubyggar for framtida, sa Andersen då NRK besøkte han i Nord-Korea.
Takkar Andersen
Isaksen trur Andersen kan hjelpe, men forstår kritikken frå mellom andre Amnesty.
– Dette samarbeidet hadde aldri komme i stand utan Jørn Andersens tilstedeværelse som landslagssjef i Nord-Korea, seier Isaksen.
– Det er kontroversielt at han tar jobben der borte og på mange måtar er ein marionett for diktaturet. På ei anna side kan han også vere ein brubyggar mot vesten, legg Isaksen til.
– Fryktar du ikkje at Norway Cup med dette støttar propagandaregimet?
– Det får andre ta stilling til. For meg er det viktig at vi bruker Norway Cup som ein verdiarena. Ein gledens arena kor vi faktisk involverer og inkluderer slik at vi kan få forståelse for kvarandre, og det er det Norway Cup først og fremst handlar om, seier Isaksen.