– Vi synest dette er kjempespennande og er positivt overraska, seier arrangør og dagleg leiar Morten Andreassen i First Lady Promotion.
Når Cecilia Brækhus møter Anne Sophie Mathis i sin første profesjonelle kamp på norsk jord vil uvanleg mange kvinner sitje ringside.
– Kvinner har respekt for Cecilia
Statistikken til arrangøren viser nemleg at 51 prosent av dei som har kjøpt billett til VM-kampen i Oslo spektrum er kvinner.
– Det viser ein høg kvinneandel. Vi trur også at mange kvinner har kjøpt billett som presang til mannen sin, seier Morten Andreassen, som meiner Brækhus har stor gjennomslagskraft i det norske folk, seier Andreassen.
– Kvifor er det slik?
– Cecilia som utøvar fangar breiare enn det tradisjonelle sportspublikummet. Menn tykkjer ho er ein god sportsutøvar - i en idrett der ho er ubestridt meister.
– Kvinner har respekt for henne som sportsutøvar, men er også fasinert av hennar tilnærming til sporten, legg Andreassen til.
Brækhus: – Eineståande
Brækhus meiner billettstatistikken fjernar ein del myter rundt det bokseinteresserte publikum.
– Det er så mykje morosame ting som skjer utanom sjølve kampen akkurat no. Eg trur kvinnestatistikken er eineståande, seier Brækhus.
Statistikken viser også at det blir eit uvanleg ungt publikum i Oslo spektrum.
Hovudandelen av billettkjøparane er mellom 25 og 45 år.
– Myta om at den typisk bokseinteresserte er ekstremvarianten av Champions League-fansen, altså ein eldre mann med stor ølmage, vil vi ikke sjå i Oslo spektrum.
– Utan at det er noko gale med eldre menn med ølmage, eg byrjar å nærme meg den kategorien sjølv, ler Andreassen.
Brækhus sin første kamp på norsk jord blei utsolgt veldig fort.
35-åringen boksar hovudkampen, og er sist ut av fire kampar i stevnet som går under namnet «The Homecoming».
Statsministeren kjem
Nesten 10.000 tilskodarar vil vere til stades på den første proffkampen i Norge sidan forbudet blei innført i 1981.
16. september i år vedtok regjeringa endringane i knockoutforskrifta som gjer det lovleg for bergens-jenta å bokse på norsk jord.
Også norges kvinnelege statsminister Erna Solberg - og norges kvinnelege kultur- og idrettsminister Linda Hofstad Helleland - ville sitje ringside laurdag.