Ingrid Syrstad Engen isolert før meisterligafinalen: Meiner ein blir «rar i hovudet»

Ingrid Syrstad Engen og Wolfsburg bur isolert før søndagens meisterligafinale mot Lyon. 22-åringen luftar hovudet med råd og oppmuntring frå familien i Noreg.

Ingrid Syrstad Engen på stadion i San sebastian før mesterligafinalen

ANNLEIS: Ingrid Syrstad Engen poserar saman med Fridolina Rolfö på finalearenaen i San Sebastián.

Foto: Ingrid Syrstad Engen

Søndag spelar den norsk landslagsstjerna meisterligafinale mot Lyon. Før kampen er laga underlagt strenge restriksjonar.

Finalen blir spelt i vakre San Sebastián. Den spanske byen er kjent for sin vakre arkitektur og rike mattradisjonar, men Engen og lagvenninnene får liten tid til å nyte byens attraksjonar.

– Vi bur isolert på hotellet. Det er ein del reglar som vi må følgje. Vi bur på einerom, må bruke hanskar overalt og må halde oss unna folkemengder, seier Engen til NRK, som samstundes seier det er lov å gå ut på tur.

Ingrid Syrstad engen på stadion før finalen i mesterligaen

TIL FINALE: Ingrid Syrstad Engen med Fridolina Rolfö på finalestadion i Spania.

Foto: PRIVAT

– Mykje fotball til tider

Då brukar ho telefonen til å ringje heim til familien på Melhus i Trøndelag. Samtalar som hjelp ho til å kople av før hennar største kamp i karrieren.

– Kan ein bli litt rar i hovudet før finalen?

– Ja, det blir ein til tider. Men eg ringjer heim for å få snakke ut om alt og ingenting. Foreldre og søsken stiller opp uansett kva som skjer, seier ho.

– Med pappa (Ørjan Engen) blir det ein del fotball. Men det er godt å snakke om andre ting. Her nede kan det bli mykje fotball til tider. Å skifte tema er fint, seier ho.

Syrstad Engen

TRØYST: Ingrid Syrstad Engen er blitt ein sentral spelar på landslaget. Her blir ho trøysta av mamma Gudrun Syrstad etter tapet for Frankrike i VM i fjor.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Største ein kan oppleve

Trønder-jenta fekk sitt store gjennombrot under fotball-VM i Frankrike i fjor sommar. Den tidlegare Trondheims-Ørn- og LSK Kvinner-spelaren blei klar for den europeiske toppklubben Wolfsburg etter VM.

Ho seier meisterligafinalen er ein «draum som blir verkeleg»

– Det er det høgaste nivået vi kan spele på. Den ultimate utfordringa, og det største ein kan oppleve, seier den norske landslagsspelaren.

Wolfsburg blei klar for finalen etter 1–0 siger over Barcelona i semifinalen. Lyon blei klar for storoppgjeret etter at den franske landslagsstjerna Wendie Renard stanga inn sigersmålet mot Paris Saint-Germain.

Renard

FARLEG: Wendie Renard feirar sigersmålet i semifinalen for Lyon mot Paris Saint-Germain.

Foto: Pool / Reuters

– Nyte stunda

Timane før kampen blir brukt til å planlegge korleis ein skal demme opp for det franske storlaget.

– Renard blir viktig å stoppe. Ho avgjorde på dødball i semifinalen. Dei har matchvinnarar både framme og bak, og er eit komplett lag, seier Engen.

Lyon kan ta sin femte strake meisterligatittel. Wolfsburg har dei fire siste åra blitt slått ut av Lyon. To gongar i finalen (2016 og 2018).

Jubel i Wolfsburg-bussen etter semifinalen

FEIRING: Wolfsburg-spelarane i spelarbussen i San Sebastián.

Foto: PRIVAT

Wolfsburg vann dei to første meisterligafinalane for kvinner i 2013 og 2014. Ein kan trygt seie at dette er dei to dominerande laga i kvinnefotballen.

– Det blir ein heilt spesiell følelse uansett. Under kampen går eg inn i mi eiga spesielle boble. Eg veit ikkje om eg får oppleve dette igjen, så eg må berre nyte stunda.

Sportsnyheter

Andrei Deniskin rasisme

Bileta skakar hockey-verda: – Sårande og utilgiveleg

Ein gest frå Andrei Deniskin har fått ei samla hockey-verd til å reagere knallhardt. Han får det glatte laget både av klubbar og NHL-stjerner.

Siste nytt

  • Hansen mister kvalifiseringskamper

    Rosenborg-keeper André Hansen er kneskadd og kan ikke spille for Norge i de viktige VM-kvalifiseringskampene mot Tyrkia og Montenegro i oktober.

    Det melder Rosenborg. Hansen måtte byttes ut på grunn av knesmellen i søndagens seriekamp mot Mjøndalen.

    – Undersøkelser viser at André pådro seg en lettgradig båndskade i kneet. Dermed venter uker med alternativ trening, sier RBK-lege Reidar Due til klubbens nettsted.

    Hansen er førstevalg på keeperplass ettersom Rune Almenning Jarstein har vært ute med sykdom i lang tid.

    Hansens skade er ikke den eneste bekymringen landslagssjef Ståle Solbakken har før han tirsdag tar ut troppen til de to kampene.

    Det er avgjort at Alexander Sørloth går glipp av den neste samlingen. I tillegg er det usikkerhet rundt Erling Braut Haaland (muskelskade) og Sander Berge (lårskade).

    Andre Hansen
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Ullrich: – Jeg var nesten død

    Den tidligere sykkelstjernen Jan Ullrich' liv har de siste årene vært preget av skandaler. Nå bretter han ut om hvor langt nede han har vært:

    – For tre år siden sto det virkelig ille til. Jeg var på samme sti som Marco Pantani (avdød syklist, journ.anm). Nesten død, sier den 47 år gamle tyskeren i Lance Armstrongs podkast «The Move».

    De tidligere rivalene la søndag ut bilder på Instagram av at de syklet sammen på Mallorca.

    I 2018 brøt Ullrich seg inn i nabovillaen til skuespillerstjernen Til Schweiger på den spanske ferieøyen. Der skal han ha truet Schweiger.

    Ullrich tilbragte natten i kasjotten. Senere samme år innrømmet han at han slet med alkohol- og dopavhengighet. Tre år tidligere måtte han møte i retten for fyllekjøring.

    Nå går det tilsynelatende bedre med mannen som ofte ble regnet som en av Armstrongs fremste rivaler. De er begge dømt for bruk av doping i løpet av karrieren.

    Foto: Fabrice Coffrini / AFP
  • Haaland kan miste ny kamp

    Erling Braut Haaland sto over Dortmunds kamp mot Borussia Mönchengladbach med en mindre muskelskade.

    Nå står også mesterligaoppgjøret mot Sporting i fare for å ryke.

    – Han har fortsatt smerter, sier Dortmund-trener Marco Rose, ifølge Sky.

    – Kanskje har han spist godt, sovet godt og kommet seg. Da går det muligens litt raskere.

    – Vi må se nærmere etter avslutningstreningen når det kommer til Erling Haaland og Marco Reus. Det blir knapt, sier Rose på mandagens pressekonferanse.

    Dortmund innledet mesterligasesongen med 2–1-seier borte mot Besiktas. Haaland scoret det avgjørende målet.

    Bundesliga - Borussia Dortmund v 1. FC Union Berlin
    Foto: Leon Kuegeler / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal