Hopp til innhold

Droppar norsk julefeiring for å unngå ny kollaps: – Det er veldig viktig

Etter førre sesong var Ingrid Tandrevold (26) lei av det meste som hadde med skiskyting å gjere, og endra filosofi. Det inneber mellom anna høgdetrening i «juleferien».

Tandrevold

KOLLAPS: Slike bilete gjer at Ingrid Tandrevold reiser til høgda for å unngå at skal skje igjen.

Foto: Bildbyrån

– Høgda har ikkje vore min favoritt til no. Viss eg skal hevde meg i OL i 2026, så får eg byrje allereie no, seier Tandrevold til NRK.

Planen er nemleg å bli verande i alpane når skiskyttarsirkuset no tek ein velfortent pause.

Julefeiring heime i Noreg blir vraka til fordel for høgdetrening i Italia med sambuaren Trygve.

– For meg er det veldig viktig å få inn litt ekstra høgdetrening. Det er nokon som tek høgda veldig lett, og så er det nokon som ikkje tek høgda like lett. Eg er nok blant dei, fortel Tandrevold.

Ho har imponert med tre pallplassar så langt denne sesongen.

Vinter-OL i Beijing 2022: Skiskyting 10 km jaktstart kvinner

KOLLAPS: Tandrevold måtte reise heim frå OL etter å ha møtt veggen på jaktstarten.

Foto: Heiko Junge / NTB

Framleis ligg kollapsen under jaktstarten i OL friskt i minnet. Det store høgdepunktet i fjor i Beijing gjekk føre seg på 1800 meters høgd og enda med legehjelp etter jaktstarten og eit tidleg fly tilbake til Noreg.

– Villige til å gjere litt ekstra

Italienske Anterselva, der dei neste vinterleikane tek plass, er på 1600 meters høgd, og derfor lagar ho sitt eige høgdeopplegg denne sesongen.

I tillegg til høgdeopphaldet i jula, tok Tandrevold ferien etter fjorårssesongen i høgda i Park City i Utah.

– Eg trur ikkje det er slik at ein aldri kan få det til, det handlar berre om å vere meir i høgda, trene meir i høgda og lære seg å kjenne sin eigen kropp. Det er det eg skal no, fortel ho.

Ingrid Tandrevold

I FORM: Ingrid Tandrevold er nummer to samanlagd i verdscupen.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen / NRK

26-åringen fortel at ho er fornøgd med høgdeplanen til landslaget, sjølv om både ho og lagvenninnene Karoline Knotten legg inn fleire høgdeopphald enn den eine høgdesamlinga til laget denne sesongen

– Handlar om det som går føre seg mellom øyra

At ho går meir sine eigne vegar, er berre eitt døme på «den nye Tandrevold».

Den tunge opplevinga i OL, saman med koronasituasjonen gjorde at gleda med skiskyting forsvann for Fossum-løparen i fjor.

– Det er jo ikkje sånn at alle når måla sine, det er jo umogleg. Det er gjerne tre på pallen og 97 skuffa utøvarar. Det fekk meg til å innsjå at eg må tore å nyte vegen mot målet meir enn eg har gjort, fortel Tandrevold.

Ho er heilt open om at for hennar del så har slaget stått «mellom øyra», og gjerne har sprinten der den ståande skytinga er avgjerande, øydelagt mykje.

Ingrid Tandrevold

DEDIKERT: Tandrevold har jobba mykje med den ståande skytinga før sesongen i år.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Derfor har nettopp det å tole den mentale belastninga på sprint og ståande skyting, hatt eit ekstra fokus denne sommaren.

– Eg har prøvd å gå inn i mitt eige hovud. For min del handlar det om det som går føre seg mellom øyra, fortel Tandrevold.

No har ho jobba ekstra med sine eigne tankar før sesongen.

Ingrid Tandrevold

MEIR GLEDE: Tandrevold gjekk seg opp frå 13.-plass på sprinten til 2.-plass på jaktstarten i Hochfilzen.

Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP

– Viss eg sjølv ikkje trur på det – så er det openbert at det ikkje kjem til å gå. Det handlar om å ta med seg det gode ein får til òg, ikkje berre straffe seg sjølv for det ein ikkje får til, seier ho.

– Ho har vakse

Patrick Oberegger har i ei årrekkje følgd Tandrevold tett, og meiner han no ser ei klar forandring.

– Ingrid har vorte flink. Ho har vakse det siste året med opplevinga i OL. Ho har vorte veldig flink til å snu dei dårlege dagane på ein positiv måte, og ikkje sjå så mørkt på ting, seier Oberegger.

Nettopp det meiner han at kan ha påverka Tandrevold under konkurransar.

VM skiskyting 2019. Jaktstart menn.

FORNØGD: Skytetrenar Patrick Oberegger var fornøgd etter at den harde jobben gav utslag i første renn.

Foto: Lise Åserud / NTB

Han peikar på at ho er ein ganske ekstrovert type.

– Å få ut det vi ser på trening i konkurransar er ikkje alltid så lett, spesielt i skiskyting der det ikkje berre handlar om det fysiske, men det mentale. Men der har ho vorte veldig flink, meiner landslagstrenaren.

Sjølv lovar Tandrevold å nyte meir framover.

– Den nye filosofien min er å kose meg meir. Ha det meir gøy, nyte reisa meir på vegen, seier ho til NRK.

Les også Nye reglar får gjennomgå: – Prioriterer sal av TV-tid over helsa til utøvarane

Luchsinger Tandrevold

Siste nytt

  • Vålerengas stortalent forsvinner fra klubben

    Stian Solberg (18) bidro til å sende Vålerenga til NM-finalene i ishockey, men nå er stortalentet tapt for Oslo-klubben. Solberg har signert en toårskontrakt med den svenske SHL-klubben Färjestad.

    Solberg sier han takket nei til et tilbud fra Färjestad i fjor.

    – Jeg følte ikke at det var riktig tid. Jeg har hatt et bra år denne sesongen, så jeg føler egentlig at det er helt perfekt å dra i år, sier Solberg til NRK.

    Vålerengas sportsdirektør, Anders Myhrvold, sier han overtalte Solberg til å bli værende i fjor.

    – Siden har han utvikla seg til å bli eliteseriens beste back. Han har alle egenskapene som skal til for å spille i NHL i framtida, sier Myhrvold.

    Til sommeren vil også verdens beste ishockeyklubber kjempe for å sikre seg Solberg under den såkalte NHL-draften.

    Der vil én av NHL-klubbene mest sannsynlig sikre seg rettighetene til Solberg i fire år, en slags opsjon som gir dem mulighet til å hente nordmannen når som helst.

    – Han er en ambisiøs, ung spiller som det prates om i forbindelse med NHL. Han kommer til å bli valgt av en NHL-klubb i år, det er hundre prosent sikkert, sier Färjestads sportsdirektør, Rickard Wallin.

    Men selv om en NHL-klubb trolig sikrer seg rettighetene til Solberg til sommeren, vil han etter alt å dømme spille for Färjestad en stund framover.

    – Vi skal støtte Stian med å bli proff i Sverige før vi prater om neste steg, som er spill i Nord-Amerika, sier Wallin.

    Färjestad vant grunnserien i SHL forrige sesong, og regnes blant Sveriges beste lag.

    – Jeg elsker Vålerenga, men det blir gøy å prøve noe nytt og spille for en enda større klubb, sier Solberg til NRK.

    Solberg og Vålerenga tapte NM-finalene mot Storhamar tirsdag kveld.

    Stian Solberg jubler
    Foto: NTB
  • Bekrefter friplass til Johaug: Klæbo sikker på VM-deltakelse for skilegenden

    Therese Johaug var ikke til stede da langrennslandslagene for kommende sesong ble presentert i Holmenkollen onsdag.

    35-åringen trenger imidlertid bare å slå på tråden og si «Jeg vil være med».

    Landslaget gir Johaug en friplass om hun finner motivasjon og bestemmer seg for å satse.

    – Dersom Therese utover våren bestemmer seg for at hun satser 100 prosent inn mot VM i Trondheim, så skal hun selvfølgelig inn på laget der, sier landslagssjef Ulf Morten Aune.

    Landslagsledelsen har ikke satt en endelig frist for når Johaug må bestemme seg:

    – Men den fristen er ganske naturlig. Det kan ikke bli høst og jul før Therese bestemmer seg, men det skal hun få lov til å gjøre helt på fritt grunnlag, sier Aune.

    Johannes Høsflot Klæbo møtte på Johaug på trening i morgentimene. Han mener at skilegenden ser sprek og motivert ut, og er skråsikker på at de begge går VM i Trondheim.

    – Hun kommer til å gå VM, det er jeg helt sikker på. Hun kommer til å stå på startstreken der. Så spørs det om hun skal være med på noe mer før den tid, sier Klæbo til NRK.

    Se hele landslagsuttaket her.

    NM ski Nordiske grener Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Guardiola bekrefter: Haaland mister Premier League-oppgjøret mot Brighton

    Manchester City-trener Pep Guardiola må klare seg uten spydspiss og Premier League-toppscorer Erling Braut Haaland i torsdagens nøkkelkamp borte mot Brighton.

    Det opplyste spanjolen på en pressekonferanse onsdag ettermiddag.

    Haaland var i likhet med lagkamerat Phil Foden ikke til stede på tirsdagens trening. Nordmannen var heller ikke med i helgens FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Mesterliga-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade.

    Manchester City er i førersetet i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger fire poeng bak Arsenal på tabelltopp, men har to kamper til gode på rødtrøyene fra London. Opp til Liverpool på annenplass er avstanden ett poeng med én kamp mindre spilt.

    _g_QDc2r5f8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal