Storhopparen Ingolf Mork er død

Det norske hoppmiljøet er i sorg etter at legenda Ingolf Mork (64) døydde onsdag kveld.

Video Ingolf Mork har gått bort

VIDEO: Sjå legendariske høgdepunkt frå Ingolf Morks karriere.

– Det var veldig trist å få beskjeden i går kveld. Ingolf var jo sprek gjennom heile livet, og er ein av tidenes beste norske hopparar, seier NRKs hoppkommentator, Arne Scheie.

Avisa rbnett.no melde om dødsfallet torsdag morgon. Mork skal ha døydd etter kort tids sjukdom.

Arne Scheies mentor

I tillegg til store prestasjonar i hoppbakken, hugsar NRK-kommentatoren legenda som ein god hjelpar.

Då Scheie starta med kommentering i NRK, søkte han hjelp hos Mork.

– For meg var han ein mentor. Han lærte meg mykje om hoppsporten, gav meg innspel og var ein fantastisk fin fyr. Eg er veldig takksam for det han gav meg, seier Scheie.

– Men eg fekk aldri æra av å kommentere Ingolf. Det første året eg kommenterte renn var det første året då han ikkje var aktiv hoppar, legg han til.

– Verdas klart beste hoppar

Mork vann den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Dette blei hans største bragd i karrieren.

– I tillegg skulle han ha vunne i 1971, men fall i Innsbruck. Det året var han klart verdas beste hoppar, seier NRK-kommentatoren.

– Han vil stå som ein av dei beste norske hopparane gjennom tidene, legg Scheie til.

VIDEO: Arne Scheie om hopphelten Ingolf Mork

Video Scheie fikk råd av Mork

Scheie fikk råd av Mork

VM-vinnarens store førebilete

Ein som også vil hugse Mork er tidlegare skihoppar Per Bergerud. Han debuterte i hoppveka i 1974, og representerte generasjonen som kom etter hoppveke-vinnaren.

– Han var absolutt eit førebilete for oss. Eg hugsar at eg sat klistra og høyrte på radio eller såg på TV når det var renn, og spesielt under hoppveka, seier Bergerud.

– Eg har faktisk hoppa i same renn som han også. Vi deltok i eit mønstringsrenn i Midtstuebakken ein gong i tida, legg han til.

Bergerud tok seinare VM-gull i 1985. Tre år tidlegare kapra han tredjeplassen samanlagt i hoppveka.

Han meiner at Mork har betydd mykje for utviklinga til norsk hoppsport.

– Mork hadde ein utruleg treningsdisiplin, og utforska ulike treningsmetodar medan han var aktiv. Vi som kom i generasjonen etter følgde ting han gjorde. Han har bidratt mykje til å finne ut korleis ein skal trene riktig. Det er der han har påverka hoppsporten på ein positiv måte, seier Bergerud.

Artikkelen held fram!

Per Bergerud

Per Bergerud beskriv Ingolf Mork som eit stort førebilete på 70-talet.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Lokalmiljøet i sorg

«Det er med stor sorg vi tok imot melding om at idrettslagets æresmedlem, beste utøver, leiar av hoppgruppa og største eldsjel gjennom alle tider døde i kveld,» skriv Morks idrettslag, Hjelmset-Fram, på heimesida si.

– Ein særs trist og uventa melding å få, seier Hans Jørgen Næss til rbnett.no.

Han var ein av Morks mange gode idrettsvener.

– Det er tragisk og trist for veldig mange. For familien, for bygda, for idrettsmiljøet i Hjelset-Fram, for friluftslivsmiljøet og for heile Idretts-Norge, seier Næss.

Siste nytt

  • Kamara scoret i Galaxy-seier

    Ola Kamara scoret et av målene da LA Galaxy slo Minnesota United FC 3-1 i Major League Soccer søndag kveld. Zlatan Ibrahimovic scoret det førte målet til Los Angeles-laget, 30 minutter ut i kampen.

    Fotball-landskamp menn (privatlandskamp) Norge - Panama.
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Raikkönens første siger på fem år

    Kimi Raikkönen vann US Grand Prix i Austin i kveld og tok sin første formel 1-siger sidan 2013. Det innebar også at Lewis Hamilton enno ikkje har sikra seg årets VM-tittel. Hamilton enda på tredjeplass i dag, også slått av Max Verstappen.

    Kimi Raikkönen
    Foto: Darron Cummings / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag