"Tutta" fekk ein svært så skeiv start med dobbelbogey allereie på andre holet. Birdie på femte og ellevte retta opp litt, men så følgde bogey på tolvte og biridie på trettande.
- Les:
Dermed er det norske håpet, som vart nummer to i tilsvarande turnering i fjor, berre nummer 47 etter første runde.
Dobbelbogey øydela
Skarpnord er åtte plassar høgare oppe etter sin runde på eitt slag under par. Ho øydela ei langt betre plassering med ein dobbelbogey på aller siste hol, etter fem birdiar og to bogeyar tidlegare.
Avskjed med Ochoa
Turneringa i Mexico vekkjer mest merksemd ved at det er
Ho har også vunne denne turneringa dei to siste åra, og drøymer om å avslutte sin strålande karriere med sin tredje strake heimesiger.- Eg vil prioritere familien og veldedighetsarbeid, seier Ochoa, som i fjor gidta seg med direktøren i flyselskapet Aero Mexico og er stemor til tre barn.
28-åringen har toppa verdsrankinga i tre år, har vunne 27 LPGA-turneringar, inkludert to major-titlar, og har spela inn om lag 90 millionar kroner i premiepengar.
Ochoa skuffa ikkje på den første runden, og held tredjeplassen med sju slag under par. Det er tre slag bak japanske Al Miyazato og eitt bak Azahara Munoz.