Det har truleg aldri hendt før, men i dag skjedde det: Ein 5000-meter utan nordmenn i A-gruppa i verdscupen på skøyter.
Det norske håpet Sverre Lunde Pedersen hamna så langt bak på lista i Harbin sist helg at han måtte starte i B-gruppa i Nagano. Der blei han nummer fem, det betyr B-gruppa også i Astana om to veker.
– B-gruppa er kritisk. Uansett kor fort du går der, kan du berre håpe på nokre få verdscuppoeng. Han må kome seg ut av B-gruppa så raskt som mogeleg, og det er ein mykje tøffare jobb enn å halde plassen i A-gruppa, seier NRKs ekspert Even Wetten.
5000-meteren har historisk på mange måtar vore ein norsk spesialdistanse. Med løparar som Lasse Sætre, Eskil Ervik, Øystein Grødum og Håvard Bøkko har Norge alltid vore med i teten også etter Johann Olav Koss sine glansdagar.
– For lite kvile
Det er 16 som får starte i gruppe A. Pedersen har 31 poeng etter dei første to løpa, og er nummer 20. Det er berre fire poeng unna 16.-plassen.
Siger i B-gruppa gir 32 poeng, to poeng meir enn niandeplassen i gruppe A.
– Sverre skal ikkje gjere meir enn eitt godt løp for å rykke opp. Men det har han ikkje vist kapasitet til så langt, seier Even Wetten.
LANGT FRAM: - VM i februar og mars er hovudmålet, og vegen dit endrar vi ikkje på, seier landslagssjef Sondre Skarli
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixLandslagssjef Sondre Skarli tek litt sjølvkritikk for opplegget inn mot sesongstarten.
– Vi skulle nok hatt litt meir kvile før vi reiste til Asia. Det er vanskeleg å hente inn kroppen etter mykje jetleg og lange reiser. Sverre var heilt tom for energi i dag, seier Skarli til NRK.
No er det to nye helger med verdscup i desember. Deretter blir det ny treningsbolk.
– Det er to VM i februar og mars som er sesongens hovudmål, og vegen dit endrar vi ikkje. Der skal vi slåst i toppen, seier Skarli.
– Lever på ei knivsegg
– Sverre har hatt framgang og vore god i mange år. Det er berre naturleg at han også møter motgang, seier tidlegare skøyteløpar Kjell Storelid. Han er sikker på at Sverre Lunde Pedersen kjem tilbake.
Storelid veit kva det kostar å vere i verdstoppen. Stordabuen var sjølv med og kjempa om dei fremste plassane på langdistansane på 90-talet, og tok sølv både på 5000 og 10.000 meter i OL på Lillehammer i 1994.
– Du lever på ei knivsegg som topputøvar. Det gjorde vi i mi tid også, det var ikkje berre solskinsdagar. Det er nok dette Sverre opplever no. Men han er sterk, og dette kjem han gjennom, seier Storelid.