– Det kan sjå mørkt ut for i morgon

SOTSJI/OSLO (NRK): – Dersom det blir like dårlege ski i morgon, ser det ikkje så veldig lyst ut, seier den norske smørjesjefen Knut Nystad.

Northug og Nystad

Smøresjef Knut Nystad (innfelt) innrømmer at dei sleit med å finnje ut av snøen i Sotsji. Det kan gå utover skia også på søndagens herrestafett.

Foto: MAJA SUSLIN / NTB Scanpix

– Korleis kan ein så stor skinasjon som Noreg ikkje ha kontroll på eit slikt føre?

– Eit godt spørsmål. Hadde eg visst svaret, hadde eg sannsynlegvis endra på det, seier Nystad til NRK.

I morgon er det stafett for menn. Der er ikkje Noreg favoritt, men skal ut og kjempe for gullet likevel.

No skal Nystad og resten av teamet ut for å finne ut kva som gjekk gale på kvinnestafetten, og kva som må endrast til i morgon.

– Eg er slutta å tru. Vi må teste og bruke det beste vi finn på testane. Det er slik det må vere. Vi blir ikkje noko betre av å gå på det nest beste, seier Knut Nystad.

– Beklager overfor jentene

Han er lei seg for smørjebommen i dag.

Knut Nystad

– Det er ingen garanti for at det blir gode ski i morgon heller, seier smørjesjef Knut Nystad, som beklagar dagens smørjebom overfor jentene.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Vi må berre beklage over for jentene. Dei har førebudd seg på dette i fleire år, og det har vi også gjort, seier Knut Nystad.

Smørjesjefen og hans folk var langt nede etter fiaskoen i kvinnestafetten. Noreg var på etterskot heile vegen og enda på ein sjokkerande femteplass , 53 sekund bak dei svenske gulljentene.

– Håpar det berre var smøringa

– Eg håpar eigentleg at det var smørjinga som svikta. For det går det an å gjere noko med. No må vi ut og teste på nytt, slik at vi kan kome opp med eit betre svar til i morgon, seier Nystad til NRK.

– Korleis går det an å bomme så grovt?

– Ja, sei det. Hadde eg visst det, hadde vi kanskje site her og feira gull no, seier Nystad, som legg til at ingen ønskjer å bli nummer fem.

– Men i dag klarte vi ikkje å levere betre. Det må vi berre beklage og innrømme.

– Kva seier du til jentene?

– Vi kan berre beklage. Dei støttar oss i tjukt og tynt, og vi vil gjere vårt alle beste. Det greidde vi ikkje i dag.

Vil ikkje kalle det oppvaskmøte

Landslagssjef Vidar Løfshus har varsla oppvaskmøte . Det meiner Nystad er feil å seie.

– Vi testar som eit team. Både smørarar, trenarar og leiarar – og løparane også – er med ute når vi testar. Derfor er det teamwork både når det går godt og når det går dårleg. Men eg har ikkje problem med å stå fram i media og ta skulda.

– Vi kan ikkje gi opp

Nystad seier det kan la seg gjere å rette dette opp til stafetten for menn i morgon.

– Ja, det kan det. Etter dagens resultat ser det nok mørkt ut, men vi kan ikkje gi opp. Vi må stå rakrygga og prøve å rette det opp og kome sterkare tilbake, seier Nystad.

NRKs ekspertkommentatorer Torgeir Bjørn og Jann Post analyserte dagens langrennstafett. De legger ikke skjul på at det var en smørebom under dagens stafett.

SJÅ VIDEO: NRKs langrennseksperter Torgeir Bjørn og Jann Posts analyse av dagens stafett.

Egil Kristiansen var veldig skuffet etter dagens stafett. Han legger ikke skjul på at det var smørebom.

SE VIDEO: Landslagstrener Egil Kristiansen om smørebommen.

Siste nytt

  • G16: Vålerenga tok NM-gull

    Josias Furaha ble matchvinner da Vålerenga slo Viking 2-1 i cupfinalen for gutter 16 fredag ettermiddag.

    Thomas Knutsen ga VIF ledelsen på straffe før Simen Kvia-Egeskog utlignet,

    Det er Vålerengas andre seier i NM G16. Den første var i 2012.

    Vålerenga G 16 VIking G 16 NM-finale
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Fjerdeplass i lagsprint

    Norge tok fjerdeplassen på lagsprinten for menn under verdscupen på skøyter i Polen. Håvard Lorentzen, Henrik Fagerli Rukke, Bjørn Magnussen og Odin By Farstad fekk tida 1.21,55, slått med 1,52 sekund av Nederland, som vann.

    Ingen nordmenn stilte i A-gruppa på kvinnenes 3000 meter eller mennenes 5000 meter. Men i B-gruppa på 3000 blei Sofie Karoline Haugen nr 9 på 4.14,77.

    På 5000 blei Håvard Bøkko nr 19 med 6.38,14.

    -bu634324Oc
    Foto: Sergei Grits / Sergei Grits
  • VG: Northug gjør comeback

    Petter Northug planlegger comeback i skisporret. 33-åringen er invitert av Anders Aukland til å være med Team Ragde Eiendom å gå langløp denne vinteren. – Jeg må gå litt på ski. Jeg må holde det litt i gang, selv om formen er dårlig, så å kalle det å gå på ski er riktig, sier Northug til VG.

    Petter Northug flirte godt etter å ha gått feil under teamsprinten under Kirkebakken Grand Prix rulleskisprint for langrenns- og kombinertløpere på Hamar.
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal