Då det kokte som verst og Paris Saint-Germain var i ferd med å ta igjen Nantes i dei aller siste minutta, stengde Cyril Dumoulin buret fullstendig. Hans lag leia 29-28, PSG kasta alt sitt tyngste skyts mot han. Dumoulin tok alt, inkludert eit straffekast.
Nantes fekk to mann utvist samstundes, men Dumoulin stod støtt og avgjorde kampen. Nantes scora til og med to mann i undertal, og PSG mista motet. Til slutt stod det 32-28.
Derfor blir det ingen finale for Sander Sagosen. Laget tapte den franske – og norske – semifinaleduellen framfor over 20.000 på tribunene i Köln.
– Bittert
– Det er tungt, tøft og bittert. Vi gjorde for mange enkle tekniske feil, og det blei vi straffa for. Men dette er berre sport. Vi må kome over det. Vi spela oss til mange bra sjansar i heile kampen, men etter ti minutt begynte vi å brenne mange av dei, sa Sagosen til NTB etter semifinaletapet.
Det vil seie, det blei ikkje noko av den norske duellen på bana. For Espen Lie Hansen fekk aldri kome på bana i Nantes' triumf. men han får ein ny sjanse i finalen i morgon. Motstandar blir enten fjorårsvinnar Vardar eller Montpellier.
For Sagosen og PSG blir det bronsefinale søndag.
Henta nesten inn femmålsleiing
Sagosen scora det første målet, men så overtok Nantes. Dei stakk frå på 6-6, og leia ei stund med fem mål før det stod 17–14 ved pause. Ti minutt før slutt stod det 28–23 til Nantes.
Så sette PSG inn tungskytset. Nikola Karabatic og Mikkel Hansen leia troppane, og knappa innpå i rask takt. Fire minutt før slutt var leiinga på 29–28.
Men så kom Dumoulin og avgjorde alt. PSG må sjå langt etter revansje for fjorårets finaletap og vente minst eitt år til på sin første meisterliga-triumf.
Men Espen Lie Hansen kan ha ein fin søndag i vente.
– Eg blei samd med trenaren om at eg skulle spare meg til finalen. Eg er klar i morgon og håpar eg får spele, seier Hansen spøkefullt til NTB. Hansen kom til Nantes frå danske Midtjylland i vinter.