Ingen finale for Magnus Carlsen
Magnus Carlsen tapte det andre hurtigsjakkpartiet mot Jan-Krzysztof Duda tysdag. Dermed blir det ingen finale på han i verdscupen i Sotsji.
Etter remis i dei to langsjakkpartia i semifinalen vart kampen om finalespel forlengde til ein tredje og siste dag. Der gjekk Carlsen og Duda over til hurtigsjakk, og vanlegvis skal det vere til fordel for den norske verdseinaren.
Men denne gongen gjekk det ikkje vegen. Carlsen spelte remis med svarte brikker i det første partiet, men måtte gi tapt i det neste. Han kom til kort sjølv om han fekk gjere første opningstrekk med kvite brikker.