– Vegen til å bli betre i Norge er å redusere talet på lag i eliteserien, sa Ingebrigtsen til NRK etter 3–0 over Sogndal heime på Lerkendal i går kveld.
Ingebrigtsen vil dra i gang ein ny runde i den gamle debatten om talet på lag i øvste ligaen i Norge. I dag er det 16 klubbar i eliteserien, og det har det vore sidan 2009.
Seinare har spørsmålet om talet på lag i øvste serien vore teke opp – og prøvd å bli teke opp – fleire gonger på fotballtinget, men ikkje ført fram.
16 lag er for mange, meiner Ingebrigtsen. Han vil ha talet ned.
– Då blir det fleire tøffe kampar, og eg trur det vil heve nivået, seier Ingebrigtsen.
– Færre vil konkurrere om dei beste
NRKs ekspert Lise Klaveness er langt på veg samd med Ingebrigtsen.
– Det er ikkje sikkert det vil bli betre med det, men det verkar logisk. Når færre lag konkurrerer om dei beste spelarane, kan det gi ein betre kvalitet på toppen. Det kan også gi dei beste klubbane meir solid økonomi.
– Kanskje det også blir lettare å vere på nivået under, og skaope ein entusiasme utan den breidde-topp-diskusjonen i klubbar som ikkje har ryggrad til det, meiner Klaveness.
– Vi snakkar heile tida om å bli betre, men vi er vel ikkje villig til å ta konsekvensane, seier Ingebrigtsen.