NRK Meny
Normal

Ingebrigtsen nær norsk rekord på 1000 m

Fillip Ingebrigtsen kom på 8. plass i sitt første løp etter OL-disken. Det heldt nesten til norsk rekord.

Oppløp 1000m i Lausanne

I eit sterkt felt, med blant anna regjerande verdsmeister på 1500 m, Asbel Kiprop, sprang Ingebrigtsen inn på tida 2.16.95 på den litt uvanlege distansen 1000 m.

Det er fattige 17 hundredelar bak Vebjørn Rodals rekord på 1000 meter frå 1996. Då sprang Rodal inn på 2.16.78 i eit stemne i London.

Ayanleh Souleiman vann heatet på tida 2.13.49. Han låg lenge an til å tukte verdsrekorden, men det heldt ikkje heilt inn.

– Uvanleg for han

Far og trenar, Gjert Ingebrigtsen hadde enno ikkje snakka med Fillip etter løpet, men syns det var eit godt løp av 23-åringen.

– Eg tykkjer det var eit bra løp. Det er uvanleg for han, og noko han aldri har gjort før. Mulig han opna litt tøft, og eg rekna med han kjente dei siste 200 metrane, seier Ingebrigtsen til NRK.

Gjert seier han ikkje kan svare godt på korleis Fillip har hatt det i tida etter OL-disken, men trur det nok har gått inn på han.

– Det har prega han, men me vil ikkje bruke for mykje tid på det. Det er ikkje noo me får gjort noko med, no gjeld det å sjå framover.

God sesong

Ingebrigtsen har hatt ein god sesong. Tidlegare i sommar vann han EM-gull framfor bror Henrik Ingebrigtsen som tok bronse.

EM inge

MEDALJESMILET: Brørne Fillip og Henrik Ingebrigtsen tok gull og bronse på 1500 meteren i EM.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Veka etter sette han personleg rekord på 1500 m i Diamond League-stemnet i Monaco på tida 3.33,72.

Men i OL gjekk det gale for Ingebrigtsen. I forsøksheatet brøyta han seg fram forbi britiske Charlie Grice. Det enda med diskvalifikasjon, og ingen sjanse til å kjempe om medaljar.

Dette var Ingebrigtsen første start etter løpet i OL.

Tida 2.16.95 er også personleg rekord for Ingebrigtsen, men det skulle ikkje so mykje til, då det var hans første løp på distansen.

Siste nytt

  • Wikheim matchvinner i Danmark

    Tidligere Strømsgodset-spiller Gustav Wikheim ble matchvinner da Midtjylland slo Aalborg 1-0 i den danske superligaen mandag. 24-åringen ble matchvinner to minutter før full tid. Wikheim erstattet Alexander Sørloth etter 76 minutters spill.

    Gustav Wikheim
    Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix
  • Matip går glipp av Sevilla-kampen

    Liverpools Joel Matip spiller ikke tirsdagens mesterligakamp mot Sevilla på grunn av lårtrøbbel.

    26-åringen spilte ikke da Liverpool slo Southampton 3-0 i serien lørdag. Nå bekrefter manager Jürgen Klopp at han er ute mot spanjolene, melder BBC.

    Joel Matip
    Foto: Phil Noble / Reuters
  • Sky Sports: Bud på Newcastle

    Forretningskvinnen Amanda Staveley (44) skal ha lagt inn et bud på 300 millioner pund for Premier League-klubben Newcastle. PCP Capital Partners, firmaet til den engelske finanskvinnen, la inn budet i slutten av forrige uke, ifølge Sky Sports.

    Newcastle-supporter
    Foto: Alex Morton / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal