Samuel Adegbenro og Anders Trondsen kom til Rosenborg i sommar, og har slått til nesten med det same.
– Det har med roller å gjere. Kravet til Samuel er å ta ballen, springe mot mål og drible av dei han møter på vegen. Medan for eksempel sidebackane har mange fleire relasjonar som både dei sjølve og dei rundt dei må involverast i, seier Ingebrigtsen
– Kjenner kvarandre betre
Han ser at det er mykje større tryggleik i gruppa no enn tidlegare i sesongen. Og meiner Rosenborg er i betre form enn nokosinne før i år.
– Folk er blitt tryggare i rollene sine. Då slappar dei meir av og slepper seg meir laus. Og vi er eit langt betre kollektiv.
– Og så er det berre to stykke. I vinter var det mange.
Lagkaptein Mike Jensen understrekar også det poenget. Han meiner det har blitt betre stemning i spelargruppa etter kvart som dei har blitt betre kjende med kvarandre.
– Vi er betre først og fremst fordi vi kjenner kvarandre betre enn tidlegare i år. I vinter var det mange nye, seier kapteinen.
– Erling Knudtzon-typar
Han nemner i fleng Vegar Eggen Hedenstad, Nicklas Bendtner, Marius Lundemo og Birger Meling, som alle kom til klubben i vinter.
– Vi må berre jobbe saman over tid, og no ser vi at det tek det til å virke.
Rosenborg skal møte Vardar frå Makedonia på Lerkendal i kveld. Begge fekk juling så det heldt i første gruppekamp – Rosenborg med 0-4 for Real Sociedad i San Sebastian, Vardar med 0-5 for Zenit St. Petersburg heime i Skopje.
Ingebrigtsen meiner laget er i ferd med å bli godt samkøyrt. Han brukar kampen mot Lillestrøm (3-0) i helga som mal.
– Vardar har nokre Erling Knudtzon-typer dei også. Det er kvikke gode individualistar. For oss handlar det om å ha god balanse og god kontroll på dei styrkane dei har. Då veit vi at om vi er på vårt beste, slår vi Vardar heime.
– Stelle i stand uro
– Både Samuel og Nicklas er klare. Det einaste vi er usikre på er Pål Andre Helland. Han spelar truleg ikkje frå start. Er vi ikkje hundre prosent sikre på at han toler det, så startar han ikkje.
RBK-trenaren tar ikkje ut det endelege laget før fem kvarter før avspark.
Ingebrigtsen trur Vardar er på nivå med Malmö og København.
– Og med oss. Skal vi stelle i stand litt uro i gruppa, må vi vinne i dag.