– Det er underleg. Eg er overraska over at dei ikkje gir André (Hansen) ein sjanse i ein av kampane, seier Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen.
Stort sett alle som var med i troppen mot Portugal, Island og Belgia fekk speletid for det norske landslaget, men på keeperplass ville ikkje Per-Mathias Høgmo teste sisteskanse, André Hansen.
– Vanskelegare å motivere seg
26-åringen har vist god form i eliteserien. På 13 kampar har han slept inn kun sju mål for serieleiar Rosenborg, men fekk null av ca. 360 minutt i treningskampane for Norge.
Rune Almenning Jarstein (Hertha Berlin) vokta buret mot Portugal. Mot Island og Belgia fekk Ørjan Håskjold Nyland (Ingolstadt) sjansen. Jarstein slapp inn tre mål. Nyland slapp inn fem totalt.
Situasjonen frustrerer Ingebrigtsen, som antyder at null tillit kan gå ut over Hansens motivasjon for å spele for landslaget i framtida.
– Eg er overraska over at dei ikkje tenker på at det er viktig å ha tre veldig motiverte keeperar inn mot VM-kvalifiseringa. Du veit jo aldri kva som skjer. Og det er klart at det blir vanskelegare å motivere seg når du aldri får sjansen, seier Ingebrigtsen.
Ingen klare svar frå Høgmo
Landslagssjef Per-Mathias Høgmo ville ikkje svare konkret på kvifor han tok med Hansen i troppen, for så å plassere han på benken i tre treningskampar.
– Som eg sa til spelarane på middagen i går: Det blir spennande å følge spelarane dei neste tre månadene. Det er ein flott konkurranse no. Både for å komme med i tropp og lag. Det gjeld også keeperplassen, seier Høgmo.
– Hansen får ikkje nokon reell moglegheit til å vise seg fram her. Kvifor?
– Han gjorde ein god omgang mot Finland og står veldig godt i Rosenborg, seier Høgmo, og siktar til at Hansen fekk spele andreomgangen i treningskampen mot Finland i slutten av mars.
– Kvifor får han ikkje sjansen?
– Vi gjør nokre prioriteringar. No prioriterte vi sånn som vi gjorde, seier Høgmo.
– Kåre Ingebrigtsen seier at landslagsleiinga må passe seg om dei vil ha tre gode keeperar med på landslaget til hausten. Kva seier du til det?
– No er det bare ein keeper som står av gangen. Vi håpar vi har alle med - motiverte og tilgjengelege, seier Høgmo på spørsmål frå VG.
Hansen: – Surt
Til VG seier Hansen at han ikkje får ein reell sjanse til å konkurrere på landslaget.
– Det har vore fem privatkampar i år. Eg har bare fått éin omgang mot Finland. Ut frå kva eg har prestert det siste året, synst eg at eg burde fått ein reell moglegheit til å konkurrere. Men det har eg ikkje fått. Det er surt, seier Hansen til avisa.