Hopp til innhold

Ingebrigtsen-konkurrentar står over 5000-meter: – Faktisk mogeleg å ta gull

DOHA (NRK): Tre av verdas beste langdistanseløparar droppar 5000-meteren i VM. Friidrettskommentator Jann Post meiner Jakob Ingebrigtsen no har større moglegheiter til å ta gull på 5000 enn på 1500-meter.

Lag-EM i Friidrett i Sandnes.

FAVORITT: Etter fråfall på 5000-meteren i VM peikar fleire på Jakob Ingebrigtsen som favoritten til å ta gull.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Den startlista på 5000-meter gjer meg veldig optimistisk, seier Post etter at tre av verdas beste langdistanseløparar ikkje stiller på startstreken til 5000-meteren i VM.

I staden har dei valt å satse utelukkande på10 000-meter.

Det gjeld Yomif Kejelcha, som har sett verdsrekord på ein mile innandørs. Hagos Gebrhiwet som slo Jakob Ingebrigtsen i London har også trekt seg frå 5000-meteren. Det har også Joshua Cheptegei, som vann Diamond League-finalen, gjort.

I tillegg vart det tidlegare denne veka også kjent at 5000-meterløparane Michael Kibet og Daniel Simiyu frå Kenya ikkje får vere med i friidretts-VM på grunn av manglande dopingtesting utanfor konkurranse. Dei to vart nummer en og to i Kenyas VM-uttak.

– For meg er Jakob Ingebrigtsen soleklar medaljekandidat no og det er faktisk mogeleg å ta gull. Eg trur det er ein betre gullmogelegheit på 5000-meter enn på 1500-meter. Eg skal ikkje legge det presset på ham, men det kan skje, meiner Jann Post.

Jann Post

GULL: NRK-ekspert Jann Post trur Jakob har større gullsjansar på 5000-meter enn 1500-meter.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

– Er veldig sikker

Sjølv føler Jakob at han er i bra form og at det har følast bra på trening i forkant av VM. No peikar han på Selemon Barega og Telahun Haile Bekele frå Etiopia som sine største konkurrentar.

– Eg har jo slått dei to i U20-VM, men begge to har jo gjort eit stort sprang sidan då, så det kjem til å bli spanande. Men eg spring alltid for å vinne, seier han.

– Eg er veldig sikker på kva eg kan og ser ikkje på sjansane på 5000-meter som dårlegare enn på 1500.

Også dei to eldre brørne har trua på at minstemann kan ta medalje på 5000-meteren, slik startlista no er blitt.

– Eg trur kven som helst vil slite med å slå Jakob på den distansen, så eg er ganske einig med Jann der. Men det skal springast først, men om det skal snakkast om favorittar, så er Jakob blant desse, seier Filip Ingebrigtsen.

– Han verkar som vanleg fokusert og veldig motivert til å springe løp. Han er lei av å trene.

Ingebrigtsen

HAR TRUA: Brørne Henrik og Filip har stor tru på at Jakob kan ta medalje på 5000-meteren i VM.

Foto: Anders Skjerdingstad /

– Veldig opent

Storebror Henrik har også tru på at 5000-meteren kan gi familien ei VM-medalje.

– Heilt klart. Når ein eller to trekker seg i toppen der, då er det plutseleg veldig opent. Sjølvsagt er det ikkje berre å plukke ei 5000-metermedalje i eit VM, men han er god nok til å kjempe om medalje.

Også pappa Gjert delar Jann Post sin konklusjon om at sonen er blant favorittane på 5000-meteren.

– Om eg var 5000-meterløpar og god som berre det, så var det nokre utøvarar eg ikkje ville hatt med meg inn i siste runden, og eg trur nok eit par av mine ville vore på den lista, kommenterer han.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal