Reisa som Filip og Jakob Ingebrigtsen må gjennom for å delta i lag-EM i Vaasa i Finland førstkomande laurdag, er ikkje for amatørar.
Frå St. Moritz skal dei køyre til flyplassen i Zürich. Deretter blir det fly til Berlin, Helsingfors og Vaasa.
Der landar dei klokka 14. Så skal Filip springe 1500 meter kl. 15.30 og Jakob 5000 meter kl. 16.15 for Norge i lag-EM.
Klokka 18 lettar flyet på returen via Helsingfors og Berlin til München. Derfrå er det bil i 31 mil tilbake til høgdetreninga i St. Moritz.
Kortast mogeleg høgdetrenings-avbrekk
Dei står opp klokka 02 natt til laurdag. Klokka 02 natt til søndag er dei tilbake på hotellet. Og at avbrotet på høgdetreninga berre blir på 24 timar, er veldig viktig.
– Det blir slitsamt, sjølvsagt. Men det er veldig viktig å gjere Vaasa-avbrotet så kort som mogeleg, slik at vi ikkje øydelegg effekten av høgdetreninga. På så kort tid som dette vil ikkje kroppen oppfatte det slik at vi avbryt høgdeopphaldet, seier Gjert.
I 2014 gjorde Henrik Ingebrigtsen det same. Då gjekk lag-EM i Tallinn i Estland, og Henrik reiste tur-retur i løpet av eit døgn.
– Det fungerte fint. Hadde vi derimot brukt same tid som dei andre deltakarane gjer, å reise dit på torsdag-fredag og tilbake på måndag, hadde det vore heilt bortkasta å trene i høgda. Då måtte vi starta heilt på nytt.
– Treng bil som gjer køyreturen human
– Flyturen er det minste problemet. Det eg ikkje har fått til enno, er å finne ein høveleg bil som skal køyre dei til og frå flyplassen, seier pappa og trenar Gjert Ingebrigtsen til NRK.
Mellom St. Moritz og flyplassen i Zürich er det 209 kilometer, ifølgje Google Maps. Frå München og tilbake til St. Moritz er det 316 kilometer.
– Vi må finne ein bil som kan gjere den køyreturen litt meir human. Det er trass alt over 50 mil, seier Gjert Ingebrigtsen.
– Aldri noko tema å ikkje stille opp
Pappa Ingebrigtsen garanterer likevel ikkje topp prestasjonar.
– Vi har nettopp innleia ein mengdetreningsperiode. Derfor blir det som å konkurrere midt på vinteren. Vi ventar ikkje ein maksimalprestasjon uansett, seier Gjert.
– Er Jakob og Filip avtalemessig forplikta til å delta i lag-EM, eller er det frivillig?
– Begge deler. Jakob er ikkje forplikta, det er Filip i større grad. Men det har aldri vore noko tema å ikkje stille opp.
– Er det andre på laget som har ei tilnærma liknande reiserute?
– Nei, heldigvis, seier sportssjef Tjørhom.