Endeleg skal vårt største norske håp springe i gong verdsmeisterskapet. 04.35 natt til i morgon står Henrik Ingebrigtsen klar i forsøket på 1500 meter.
Timane før ser han på dei verste i heile VM.
– Forsøket er verst
– Den verste perioden er før forsøket, for då veit du ikkje kva som skjer med deg sjølv eller dei andre. Eg må berre kome meg vidare derfrå, så veit eg akkurat kva eg må gjere og akkurat korleis eg ligg an, seier Henrik Ingebrigtsen til NRK.
Like spent, kanskje også eit par hakk meir, kjem far og trenar Gjert Ingebrigtsen til å vere. For plutseleg kan VM vere over nesten før det har begynt.
– Det er forsøket som på mange måtar er verst. Det er der det er mest nervar og mest uerfarne utøvarar. Viss du ikkje kjem deg gjennom der, har du nesten ikkje vore i VM, så det er mykje nervar.
– Er det mange lause kanonar?
– Ja, plutseleg dett tre-fire stykker, og då må du vere heldig for å kome deg gjennom. Men med litt flaks og dyktigheit går det greitt.
TAKTISK LUR: Henrik Ingebrigtsen har fleire gonger vist seg svært god taktisk. Det blir uhyre viktig i dei innleiande heata, meiner far og trenar Gjert Ingebrigtsen.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixKlarer han å vere blant dei seks beste i heatet, eller har ein av dei seks raskaste tidene totalt, er vegen vidare open.
– Henrik blir som regel betre og betre for kvart løp, så det er ein utfordring å kome seg gjennom forsøk og semifinale. Men han har greidd det før.
– Korleis kjem han til å posisjonere seg?
– Han kjem nok til å ta det på sparket der og då, han blir nok fanga av augeblikket. Det kan hende han blir liggande fyrst også, viss det går veldig seint.
Rodal røyk nesten i OL-semifinalen
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal trur vegen til finalen er eit like trongt nålauge som å kjempe seg opp på pallen.
– Viss han kjem til finalen, kan han fort vere med i medaljekampen. Men det er nesten like vanskeleg å kome seg dit som å ta medalje. Det er mykje meir nervøst i dei innleiande heata, meiner Rodal som sjølv var svært nær ved å ryke ut i semifinalen då han tok sitt legendariske gull på 800-meter under OL i Atlanta i 1996.
Då blei Rodal nummer tre og gjekk vidare til finalen med eit naudskrik som "lucky loser". I natt er det Henrik Ingebrigtsen som jaktar ein ny VM-finale. Går han klar frå dei lause kanonane blir det semifinale på eit litt meir gunstid tidspunkt sett med norske auge, 13.55 på fredag.
Finalen på 1500 meter går søndag kloka 13.45.