NRK Meny
Normal

Ingebrigtsen fryktar forsøksheatet i OL: – Det er mykje armar og bein

Henrik Ingebrigtsen har dårlege erfaringar frå forsøksheat i dei store meisterskapa. Før OL i Rio er det framleis forsøket han fryktar mest.

Henrik Ingebrigtsen løper 1500 meter semifinale for menn under EM i friidrett i Amsterdam

KLAR FOR OL: Henrik Ingebrigtsen har førebudd seg godt før OL i Rio, men meiner at lite kan førebuast før det kaotiske forsøksheatet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det er den store faren, å ryke ut i forsøket.

Henrik Ingebrigtsen minnast attende til U23-EM i 2013. Der falt han frå finaleplass etter eit rotete heat. Han fryktar no at det same skal hindre han frå å kjempe om medalje i OL.

– Når du står på startstreken må du vere 100 % fokusert på det du skal gjere. I forsøket er det veldig mykje armar og bein, og veldig mykje forskjellig nivå på løparane.

– Skal gje han olbogen

Ingebrigtsen meiner at dei kaotiske tilhøva gjer at det er først i semifinalen ein får vise kor god ein er til å springe.

– I semifinalen er det enklare taktisk å løyse løpet. Då er dei lause kanonane vekke. Ein må komme seg gjennom førsøket, og so kan du vise kor god du er.

Han har derimot planen klar for kva han skal gjere med konkurrent og veslebror Filip.

– Eg kjem til å komme fort ut, og gje Filip ein olboge i brystkassa med ein gong, ler Henrik.

Gladgutta

GULL OG BRONSE: Filip og Henrik sprang inn til høvesvis gull og bronse under EM i friidrett tidlegare i sommar. Viss dei møtest i løp i Rio, lovar Henrik å spele stygt.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Saman tok dei både gull og bronse på 1500-meteren i EM i Amsterdam i juli. Sjølv om dei er konkurrentar, trur ikkje Filip mykje på sabotasjeplanen til Henrik, men er einig i at forsøksheata er dei verste.

– Hyggeleg blir det aldri, men det blir litt meir rutinerte løparar i semifinalen og finalen. Då er det lettare å springe.

– I finalen kan alt skje

Far og trenar, Gjert Ingebrigtsen, trur begge sønene er svært godt førebudd til OL.

–Me har fått gjort alt det arbeidet me skal. No er det berre å roe ned og jobbe med å spisse forma.

Sjølv om begge to leverte strålande resultat i EM i friidrett tidlegare i sommar, tør ikkje Gjert ha store forventningar før leikane i Rio.

– Det er vanskeleg å ha forventningar. Men me håpar på finale. Då kan alt skje.

– Då kan det bli medalje?

– OL-medalje? Nei, då er det mykje som skal klaffe.

Siste nytt

  • NBA-profil kopierte legende

    NBA-profilen DeMarcus Cousins ble den første spilleren siden 1972 som noterte minst 40 poeng, 20 returer og 10 poenggivende pasninger i en kamp. Profilen endte opp med 44 poeng, 24 returer og 10 poenggivende pasninger da laget slo Chicago Bulls.

    BASKETBALL-OLY-2016-RIO-USA-ARG
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp
  • Tennisspiller fikk kjempebot

    Den tyske tennisproffen Mischa Zverev er ilagt en bot på 342.000 kroner for måten han gjennomførte sin kamp på i 1. runde av Australian Open. Boten er den største som er ilagt en tennisspiller i Grand Slam-sammenheng for et regelbrudd på banen.

    Australian Open Tennis Zverev Fine Mischa Zverev
    Foto: Dita Alangkara / AP
  • Avalanche med enorm seiersrekke

    NHL-klubben Colorado Avalanche er inne i en seiersrekke som ikke synes å ta slutt. Mandag ble det 4-2-seier mot Toronto Maple Leafs. Dermed står den amerikanske hockeystorheten med ti strake seire i NHL.

    HOCKEY-NHL-TOR-COL/
    Foto: Tom Szczerbowski / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Storslalåm, kvinner
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, kvinner
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang kvinner
V-cup alpint: Storslalåm 2. omgang, kvinner
V-cup alpint: Storslalåm 2. omgang kvinner
Vinterstudio
Vinterstudio
Slalåm, menn
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn