Hopp til innhold

Ingebrigtsen etter Branns krisestart: – Vi har ei mental utfordring

Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen vedgår at krisestemninga rundt klubben påverkar spelarane. Og i kveld ventar Rosenborg på Lerkendal.

Molde-Brann

BAKLENGS: Brann har sleppt inn ti mål på tre kampar, til dels etter store personlege feil.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Vi har ei mental utfordring. Det jobbar vi med, og det skal vi jobbe vidare med, seier Ingebrigtsen.

Han har sett at fleire av dei ti baklengsmåla har kome som følgje av store personlege feil. 1–3 mot Viking, 0–3 mot Vålerenga og 0–4 mot Molde gir ikkje bere jumboplass på tabellen, men den dårlegaste serieopninga noko lag har hatt etter tre kampar i eliteserien sidan Hønefoss i 2010.

Det kjem i tillegg til mange baklengs også i treningskampane før seriestart. Fleire av dei mot 1. divisjonslag, mellom anna fire mot Sogndal og tre mot Sandnes Ulf.

Kåre Ingebrigtsen og Brann

MENTALT: Trenar Kåre Ingebrigtsen brukar meir tid på spelarane utanfor enn på bana

Foto: Mats Torbergsen / NTB

Påverkar spelarane

Dei to neste kampane ser ikkje ut til å bli enkle, dei heller: Rosenborg på Lerkendal torsdag og Bodø/Glimt i Bergen måndag.

– Er det krisestemning?

– Nei, ikkje i laget. Men vi har definitivt ting vi må rette på så snart som mogeleg.

Han innser likevel at krisesnakket påverkar spelarane.

– Det vil det alltid gjere. Men slik er fotballen, dette må vi kunne handtere, seier Ingebrigtsen, som meiner at rota til problemet ligg eit par år tilbake i tid.

– Vi har vunne få kampar. Det er om å gjere å få fotfeste i noko nytt, å få sjølvtillit i det nye og bygge på det. Det har vore vanskeleg til no, og vi må berre stå gjennom det.

– Korleis gjer det det?

– Det vil eg ikkje gå inn på. Vi har ulike personar som hjelper oss med ulike ting, seier Brann-trenaren.

Hjelp frå Olympiatoppen

Michael Jørgensen, mental trener

PRESTASJONSCOACH: Michael Jørgensen frå Olympiatoppen hjelper Brann

Foto: Heiko Junge / NTB

Ein av dei viktigaste hjelparane er nok Michael Jørgensen. Han er innlånt frå Olympiatoppen Vest, der han jobbar som prestasjonscoach.

Han blei før jul engasjert som fagperson i klubben. Sidan februar har Jørgensen også bidratt for heile spelargruppa.

– Vi har gått grundig til verks, og med både spelarar og trenarar involvert får alle eit betre eigarskap til måla når de har sett dei saman. På berre to månader ser eg stor skilnad på treningskvalitet, både hos trenarane og spelarane, sa Jørgensen til brann.no i april.

Om hans bidrag til å snu skuta for Brann i den situasjonen klubben er i no, seier han i ein SMS til NRK at han ikkje trenar spelarane direkte.

– Eg har ikkje køyrt mental trening med spelarane, men drive coaching-prosessar med trenarteamet, der vi har eit langsiktig utviklingsperspektiv.

– Hard medfart i Bergen

Vegard Forren

TRENG INNSPEL: I Brann og Bergen får du hard medfart, så vi skal ikkje undervurdere den mentale biten, seier Vegard Forren

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Også midtstoppar Vegard Forren meiner den mentale treninga er viktig.

– Vi er alle ulike, men vi treng innspel utanfrå – nokon meir enn andre. Som gruppe har vi ein heil del å hente. Det er krevjande å spele for Brann og Bergen. Du får hard medfart, så ein skal ikkje undervurdere den mentale biten, seier han.

– Å legge oss ned og tru at vi ikkje er gode nok, er det siste vi skal gjere, legg han til.

– Det er heilt sikkert at mental trening er viktig. Spesielt i den motgangen Brann har no. Men det finst neppe ei rask løysing, seier Anders Pamer.

Han er fotballkommentator i Bergens Tidende, og ein av dei som følgjer Brann aller tettast.

– Brann bør slå tilbake snart

Han meiner Brann treng tid, og det har dei ikkje mykje av.

– Det er viktig at Brann kan slå tilbake i dei to neste kampane, og ikkje vente på at dei er ferdige med dei fem «vanskelege» og skal ta til på dei «lettare». Dei må helst kome ut av dei ut av dei med poeng. Står dei med null etter fem kampar, må dei ta dei 30–35 poenga som trengst for å unngå nedrykk, i løpet av dei 25 siste kampane. Det inkluderer også returkampane mot dei fem, og det kan bli vanskeleg, seier Pamer.

Men det finst trøyst for Brann. I fjor hadde Sarpsborg 08 null poeng etter sine fem første kampar. Dei overlevde med god margin.

Etter dei fem første kampane, er det Stabæk (b), Strømsgodset (h) og Sarpsborg 08 (b) som står på Brann-programmet.

– Vent heller med panikken og dommedagsprofetiane til vi eventuelt rotar vekk mange poeng i desse kampen, skriv kommentator Alexander Osdal i BA.

Siste nytt

  • Irland slo tittelforsvareren i rugby-VM

    Verdensener Irland slo verdensmester Sør-Afrika 13-8 i lørdagens storkamp i VM i rugby union.

    Mack Hansen ble første spiller som greide å score et try mot Sør-Afrika i turneringen.

    – Dette var som en Grand Slam på steroider. Det føltes som det var 800.000 mennesker på tribunene, sa Hansen til ITV etter kampen.

    Cheslin Kolbe svarte med et try for «Springboks» tidlig i 2. omgang. Sør-Afrika ledet store deler av kampen, men måtte betale for dårlige spark.

    Manie Libbok tar seg vanligvis av dem, men han har slitt med presisjonen i VM. Scrumhalf Faf de Klerk har overtatt noen av sparkene, men de to misset til sammen fire av fem spark i lørdagens kamp, og det kostet 11 poeng.

    Et spark fra Jonathan Sexton midtveis i 2. omgang sendte Irland foran for godt. Da Jack Crowley sparket en ny trepoenger tre minutter før slutt, trengte Sør-Afrika et try for å utligne og få sjansen til å sparke vinnerpoengene.

    Sør-Afrika kom ikke nærmere enn ti meter fra Irlands mållinje, og for første gang kunne irene juble for seier over Sør-Afrika i en VM-kamp. Irland har nå vunnet 16 landskamper på rad. (NTB)

    sbhrBcWqYlM
    Foto: AP
  • Ellevilt volleymål reddet Manchester United

    En perlescoring av Bruno Fernandes sikret seieren for Manchester United i en slitekamp mot Burnley lørdag kveld.

    Midtstopper Johnny Evans, som fikk tillit fra start, lempet ballen presist i bakrom, hvor purtugiseren feide ballen i lengste hjørne på hel volley.

    Burnley var langt ifra ufarlige på eget gress. De tvang André Onana ut i full strekk og hadde et skudd i stolpen, men det ble bare nesten for Vincent Kompanys menn.

    Sander Berge kom innpå for hjemmelaget, men også hans heading etter en corner, snek seg like over.

    Dette var en sårt etterlengtet seier for Erik ten Hag og Manchester United, som sto med to seire og tre tap på de fem første kampene i serien før i kveld.

    Med tre poeng klatret de til 8. plass på tabellen. Burnley er helt sist med ett poeng på fem kamper.

    i2JUrg8VMMg
    Foto: Reuters
  • Ellevill europeisk opphenting i Solheim Cup

    Europa har stått for en fantastisk opphenting i Solheim Cup i golf og sørget for at det står 8-8 før søndagens singlekamper.

    Lagkaptein Suzann Pettersen så amerikanerne vinne alle fire foursomekamper mot hennes lag fredag, men siden den fryktelige starten har «Tutta» kunne juble for åtte europeiske poeng av tolv mulige i parspillet.

    – Jeg har ikke ord for å beskrive hvor stolt jeg er av dem, men vi må ikke glemme at dette ikke er over. Det er 12 poeng å spille om i morgen, sa den norske lagkapteinen til Sky Sports.

    – Vi har stått for litt av et comeback, og nå er det uavgjort. Vi får bare legge inn femtegiret og fortsette. (NTB)

    7KBT5RKA0vo
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Insekts-«buzz» i Formel 1 00:46
Neste