Ingebrigtsen dropper EM-øvelse
Filip Ingebrigtsen har valgt å droppe 3000-meteren under innendørs-EM i friidrett i polske Torun. Ingebrigtsen erstattes av Bjørnar Lillefosse. Forsøket på 3000 meter går lørdag, med finale søndag kveld.
– Berre detaljar står att før Zlatan Ibrahimovic signerer ny kontrakt med Milan, seier klubbdirektør Paolo Maldini.
Svensken, som fyller 40 i oktober, har kontrakt ut sesongen, men med opsjon på forlenging til sommaren 2022. Det er denne opsjonen som no treuleg blir ein realitet.
Han får hovudæra for å ha gjort Milan til ein tittelkandidat sidan han kom tilbake til klubben i januar i fjor. Han er toppscorar med 15 mål på dei 16 kampane han har spela denne sesongen.
Milan har ikkje vunne Serie A sidan 2011, då også med Ibrahimovic på laget.
Milan er nummer to på tabellen, 11 poeng bak byrival Inter før dagens runde.
Mohamed Elyounoussi var giganten då Celtic slo Livingston 6-0. To scoringar og ei målgivande pasning blei fasiten.
På Celtics femte mål fekk han i tillegg hjelp av Kristoffer Ajer. Midtstopparen tok med seg ballen frå eigen banehalvdel og slapp han vidare til Elyounoussi etter å ha sprunge nesten inn i gjestane sitt straffefelt.
Celtic, skotsk meister dei siste ni åra, har allereie tapt ligameisterskapet til erkerival Rangers denne sesongen.
Trent Alexander-Arnold scora på overtid og gav Liverpool 2-1 over Aston Villa – Liverpools første heimesiger i ligaen sidan 16. desember.
Villa leia ved halvtid etter Ollie Watkins scoring to minutt før pause. Mohamed Salah utlikna etter 57 minutt, men det såg ut til å gå mot ein ny sigerslaus Anfield-kamp for Liverpool.
Sigeren smakte nok dessutan ekstra godt som revansje for 7-2-tapet tidlegare i sesongen.
Liverpool er no på fjerdeplass, ein plass som gir meisterliga-plass neste sesong. Men West Ham er bak bere på målskilnad, og har ein kamp til gode. Chelsea er eitt poeng bak, og møter Crystal Palace seinare i kveld.
Kl. | Program | Kanal |
---|
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.