Hopp til innhold

Ingebrigtsen blir TV-ekspert

Kåre Ingebrigtsen er engasjert som fotballekspert i Discovery. Den tidligere RBK-treneren skal jobbe med Eliteserien ut inneværende sesong. 52-åringen fikk sparken som trener i Rosenborg i sommer.

Kåre Ingebrigtsen
Foto: Linda Bjørgan / NRK

Sportsnyheter

Treneren lo av nytt Haaland-show: – Født med det instinktet

Det var spilt under sju minutter av mesterligakampen mot FC København da Erling Braut Haaland scoret sitt første av to mål. Manageren både lo og ristet på hodet på sidelinjen, men tok nordmannen av banen i pausen.

Siste nytt

  • Derfor blei Haaland bytt ut ved pause

    Erling Braut Haaland fekk berre 45 minutt i meisterligaen mot FC København. Då han hadde scora to mål, og. City-trenaren bytte han ut.

    Det med tanke på laurdagens Premier League-møte heime mot Southampton.

    – Han har spelt mange minutt, og vi hadde god kontroll. Hadde kampen vore jamn, hadde Erling halde fram, men det var betre å la ham kvile før kampen mot Southampton, som vi ikkje klarte å slå førre sesong, sa Guardiola til Manchester Evening News.

    Guardiola understreka likevel at bytet ikkje berre handla om å la spelarar kvile.

    – Det handla ikkje om å kvile spelarar. Vi har ein tropp på 20 spelarar. Om du berre bruker elleve av dei, har du ikkje 20 spelarar. Dei andre må også prøve seg, elles fungerer det ikkje når vi treng dei, sa spanjolen.

    Haaland
    Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters
  • LIV-golfarar kan få ranking-poeng

    Spelarane på den omstridde LIV-touren i golf kan få offisielle rankingpoeng allereie frå helga etter ein samarbeidsavtale med ein annan Midtausten-basert tour.

    Onsdag blei LIV samd med touren Mena om ein avtale som inkluderer LIV-turneringane.

    Mena er ein regional tour for Midtausten og Nord-Afrika, og har sidan 2016 stått på lista over dei 16 turneringane som gir poeng på den offisielle verdsrakinga (OWGR).

    LIV-touren er basert i Saudi-Arabia og har lokka til seg fleire av dei beste spelarane med enorme pengepremiar, langt høgare enn det den tradisjonelle PGA-touren han tilby.

    Det har ført til isfront mellom LIV og PGA, og LIV-spelarane er utestengde frå PGA-touren. Det har også ført til at LIV-turneringane hittil ikkje har gitt rankingpoeng.

    Det kan det bli endring på no. Dubai-baserte Mena har lova rankingpoeng til LIV-spelarane allereie i turneringa i Bangkok komande helg.

    LIV golf
    Foto: PAUL CHILDS / Reuters
  • Niemann vann: – Sjakken snakkar for seg sjølv

    Hans Niemann vann sitt første parti i den amerikanske sjakkmeisterskapen onsdag overbevisande. Deretter snakka han for første gong om dei nye avsløringane om juks.

    – Dette partiet er ein beskjed til alle. Heile denne saka starta med at eg sa at «sjakken snakkar for seg sjølv», og dette partiet gjorde det. Det viste kva spelar eg er, sa 19-åringen.

    Ei etterforsking utført av Chess.com avslørte tidlegare i veka viser at Niemann truleg har mottatt ulovleg assistanse i fleire enn 100 onlineparti, også så nyleg som i 2020. Blant disse er fleire arrangement med premiepengar.

    Onsdag slo 19-åringen sin fire år yngre motstandar Christopher Yoo. Han deltar eit knapt døgn etter sjokkavsløringa.

    – Det viste også at eg ikkje kjem til å gi meg og bukke under for presset. Eg skal spele min beste sjakk her. Det er alt eg har å seie, sa Niemann.

    Hans Niemann
    Foto: NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste