Hopp til innhold

Illsinte rumenarar meiner Noreg fekk dommarhjelp

Rumenske supporterar bruker Nora Mørks instagramkonto til å komme med harde skuldingar om dommarane i OL-kvaliken.

Oftedal og Mørk

FÅR HØYRE DET: Nora Mørks instagrampost har fått fleire reaksjonar frå personar som hevdar Noreg fekk hjelp av dommarane for å komme vidare til OL.

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

Noreg hamna i trøbbel i OL-kvalifiseringa då dei tapte 23-28 for Montenegro fredag. Det førte til at Noreg, etter å ha slått Romania 29-24, måtte håpe på at Romania ikkje slo Montenegro med fem mål.

Det gjekk bra for dei norske handballdamene, då Romania «berre» vann med tre mål.

Pintea

FEKK RAUDT: Strekspelar Pintea vart utvist mot Montenegro, i kampen etter møtet med Mørk og Noreg.

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

Men i ettertid har rumenske handballsupporterar reagert på dømminga til dei spanske dommarane i kampen mellom Romania og Montenegro, der den store strekstjerna til rumenarane Pintea fekk raudt kort, og dermed ikkje fekk spele siste halvdel av andre omgang.

Fleire har òg reagert på dømminga i kampen mellom Noreg og Romania, der det var eit dansk dommarpar.

– Mange avgjerder til fordel for Noreg

På eit bilete Nora Mørk har lagt ut på Instagram kjem frustrasjonen til syne.

Der er fleire personar misnøgde med korleis Noreg kvalifiserte seg til OL. Nokon skriv at det ikkje var fortent, andre at det var dei danske dommarane som gav Noreg sigeren.

«Dere må takke dei danske dommarane», skriv éin bruker.

«Dei store vinnarane som kvalifiserte seg grunna danske dommere», skriv en annan.

Meldinger på Mørks konto

Fleire refererer til dei danske dommarane, som dei meiner dømde for å få Noreg vidare, og seier det er skammeleg av Noreg og handballen.

Kritikk av dommere

Også blant spelarane har det komme reaksjonar på dømming i Noregs favør.

– Eg pleier ikkje å kommentere dømminga, men eg føler at dommarane har teke mange avgjerder til fordel for Noreg, sa Romanias målvakt Denisa Dedu, ifølgje den rumenske nettstaden DigiSport etter Romanias kamp mot Noreg.

Denisa Dedu

REAGERER: Denisa Dedu følte dei norske spelarane fekk hjelp av dei danske dommarane i kampen mellom Noreg og Romania.

Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP

– Det var visse avgjerder på bestemde viktige augneblink. Og det betydde mykje. Det er frustrerande, for vi snakkar om kvalifisering til OL, la ho til.

Meiner Noreg var heldige

NRKs handballekspert Geir Oustorp har ikkje tru på at dommarane dømde i Noregs favør med vilje, men ser at det kanskje var noko som gjekk i Noregs favør mot Romania.

– Det var 10-5 til Noreg i straffekast, og 3-0 i utvisingar til Romania. Det er klart det kjennest urettferdig, for i løpet av ein kamp hadde nok det norske laget fortent ei utvising eller to dei òg.

– Straffekasta til Noreg var greie, men Romania kunne sikkert fått eit par til dei òg når ein ser situasjonane, legg han til.

Laguttak for håndballjentene 2017.

LITT FLAKS: Noreg hadde noko tur med nokre dommaravgjerder mot Romania, seier NRKs handballekspert Geir Oustorp.

Foto: Mariam Butt / NTB

Han påpeikar at Romania var dårlegare enn Noreg, men at resultatet kunne vore jamnare, og at det kunne vore utslagsgivande til slutt.

– Eg skjønner at dei reagerer, legg han til.

Om situasjonen frå kampen mellom Romania og Montenegro, der Pintea fekk raudt kort for slag i ansiktet, meiner han dommarane gjorde rett i å gi raudt kort, dersom ho hadde slått motstandaren i ansiktet.

– Men når du ser reprisen ser du at det ikkje er slag i ansiktet, seier Oustorp.

– Det ville Noreg aldri gitt seg ut på

Handballeksperten legg til at Montenegro fekk eit raudt kort for det same i første omgang av same oppgjer, men at det såg ut til å vere riktig. Han er likevel sikker på at dommarane berre såg feil i situasjonen der strekspelaren til rumenarane vart utvist.

– Dommarane vurderte det sikkert heilt likt. Situasjonane var ganske like. Det dommarparet dømde òg VM for herrar i januar, seier Oustorp.

Noregs Håndballsforbunds generalsekretær Erik Langerud har ikkje høyrt om kommentarane på biletet til Mørk, men seier det er normalt med reaksjonar etter så tette kampar som det var i kvaliken.

Han har heller ikkje problem med at målvakta Denisa Dedu seier rumenarane vart bortdømde.

Erik Langerud

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Etter ein så jamn kvalik skjønner Erik Langerud at supporterar og spelarar er skuffa og reagerer.

Foto: STIG JAARVIK / NRK

– Det synest eg er heilt greitt. Det er ingen tvil om at dei rumenske spelarane var kjempeskuffa, på same måte som vi hadde vore skuffa om vi ikkje kvalifiserte oss, seier han.

Har det vore samarbeid mellom Noreg og Danmark?

– Det har eg aldri høyrt om, og det ville Noreg aldri gitt seg ut på. Då hadde vi heller stått over OL, svarer han bastant.

Han slår òg eit slag for dommarane i kvalifiseringa.

– Det er eg heilt sikker på: Her er det ordentlege dommarar som dømmer ordentleg og som ikkje har nokon dagsordenar.

Siste nytt

  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN
  • Sky Sports: Haaland ikke på City-trening

    Manchester City-spiss Erling Braut Haaland var ikke å se på trening i forberedelsene til Premier League-kampen mot Brighton.

    Det opplyser Sky Sports, som også melder at Phil Foden ikke var til stede.

    Haaland ble byttet ut før ekstraomgangene da Manchester City røk ut i Mesterligaens kvartfinale mot Real Madrid forrige onsdag.

    City-manager Pep Guardiola uttalte siden at Haaland hadde et muskulært problem, og lørdagens 1-0-seier over Chelsea i FA-cupsemifinalen gikk uten nordmannen.

    Manchester City er i førersetet i gullkampen i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger ett poeng bak Arsenal og Liverpool, men har én kamp mindre spilt.

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Carl Recine / Reuters
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal