Fagernes droppar NM
Det er ein månad sidan han skadde seg i skuldra under ein konkurranse i Bergen. Det har teke lenger tid enn venta å bli frisk igjen.
- Pål Arne vil vente med å konkurrere til Bislett Games neste fredag, seier Fagernes' trenar Pål Berntsen til VG.
Til NTB sa Fagernes for eit par dagar sidan at han er i bra form. - Men eg er nøydd til å bli smertefri, og er litt bekymra, sa han.
- Ikkje sikkert
Idrettsjef i Friidrettsforbundet Per Øyvind Mørk seier til VG at det enno ikkje er heilt sikkert at Fagernes droppar NM.
Han ønskjer at Fagernes skal konkurrere igjen så raskt som mogeleg. Påmeldingsfristen til VM går ut 24.juli, og Mørk vil at agernes skal gjennom ein eller to konkurransar før uttaket.
- Vi ønskjer dette, trass i at han resultatmessig er kvalifisert gjennom kastet sitt på 86,74 meter i fjor, seier Mørk.
NFL-proffen vil ha kule-medalje
NFL-proff
Ein som heilt sikkert skal delta i NM, er Leif Dolonen Larsen. Han er den einaste nordmannen som spelar i proffligaen for amerikansk fotball, NFL.
Dolonen Larsen skal delta i kulestøyt, og seier til Drammens Tidende at han går for medalje.
Han var kulestøytar då han reiste til USA for nokre år sidan, men konverterte til amerikansk fotball. 26-åringen spelar no for NFL-klubben Buffalo Bills.