Ikkje norsk EM-støtte frå Sverige
Sverige er skeptisk til Norges ønskje om å avvikle fotball-EM både for menn og kvinner i 2021. Fotballpresident Karl-Erik Nilsson seier til SVT at han er redd for at kvinne-EM skal havne i skuggen av EM for menn og vil flytte kvinne-EM til 2022.