Ingen har scora fleire mål for Manchester United enn Wayne Rooney med 253 mål. I kveld viste 34-åringen igjen teikn til gamal klasse med fleire utsøkte pasningar og eit farleg frispark like før slutt.
Men det var ikkje nok til å sende ut sitt gamle lag frå FA-cupen.
Solskjær: – Ein annleis spiss
I staden var det den tidlegare Lyn-spissen Odion Ighalo som varta opp med to scoringar og sendte Ole Gunnar Solskjærs lag til kvartfinale i FA-cupen.
– Eg er glad for to mål, men det viktigaste i dag var at me vann og gjekk vidare, seier Ighalo i intervju vist på Viasport etter kampen.
Mange var svært skeptiske til at Solskjær henta nigerianaren inn som erstattar for Marcus Rashford, men nå har 30-åringen alt scora tre mål på to kampar for dei raude.
– Det er fantastisk for oss å ha Odeon her. Han har ein annleis spiss, han held på ballen, er sterk og det er ikkje alle spissar som scorar slike mål som han i dag. Eit fantastisk mål, seier Solskjær om 2-0 målet, i intervju vist på Viasport.
Ighalo lærer av Solskjær
Sigeren var Uniteds niande strake kamp utan tap, noko som er den lengste rekka utan tap etter at Solskjær tok over som manager i desember 2018.
Ighalo har vore ein del av framgangen og han takkar den norske manageren for den gode starten.
– Det er på grunn av han eg er her. Han har lært meg mykje. Eg lærer frå ein stor manager og spiss, seier Ighalo og legg til:
– Eg har gjort mitt beste for å kome i form. Det går bra nå og dette har vore veldig stort for meg, fortel spissen som blei henta frå kinesisk fotball.
Frå 2007 til 2008 spelte han i Lyn og scora ni mål på 20 kampar for Oslo-laget.
United var aldri truga
Manchester United hadde eit lite overtak frå start av og tok fortent føringa etter 35 minutt. Derby klarte å blokkere det fyrste skotforsøket, men da landa ballen hos Luke Shaw som klemte til på volley.
Ballen spratt i bakken og i ein perfekt boge over ein sjanselaus Derby-keeper.
Fire minutt før pause viste Odion Ighalo igjen kvifor Ole Gunnar Solskjær har henta han inn på lån.
Den nigerianske spissen var sterk da han vendte seg mot mål, lurte Derby-forsvaret og sendte ein perfekt avslutning i nærmaste hjørnet.
Rooney har aldri scora mot United
Andre omgang styrte United kampen vidare, med eit par farlege forsøk frå heimelaget.
Men da Ighalo fekk to sjansar etter 70 minutt var kampen avgjort. Fyrst redda Derby-keeper Roos, men returen gjekk rett til Ighalo som da banka ballen i nettaket.
Wayne Rooney kom til Derby i januar, etter at han reiste frå den amerikanske klubben DC United. Han har også ein rolle som spelande trenar i klubben, ved sidan av manager Philip Cocu.
Rooney spelte 13 år i Manchester United fram til han reiste tilbake til barndomsklubben Everton i 2017. Sju kampar har han spelt mot gamleklubben, men aldri har han scora mål. Det skjedde heller ikkje i kveld, og dermed er formlaget frå nivå to ute av FA-cupen.
Manchester United møter nå Norwich i kvartfinalen.