Idrettsstjerne vil ikkje bli vaksinert – kan miste 41 kampar

Golden State Warriors har hamna i ei lei knipe allereie før basketsesongen er i gang. Andrew Wiggins (26) vil ikkje ta koronavaksine, og er dermed uønskt på heimebana til laget.

NBA: Memphis Grizzlies at Golden State Warriors

I KNIPE: Andrew Wiggins (nummer 22), her avbilda under ein kamp mot Memphis Grizzlies i vår.

Foto: Kyle Terada / Reuters

Verdas største basketliga startar 20. oktober, og eit par veker før seriestart er den store snakkisen kva som skjer med Andrew Wiggins.

NBA opnar for at spelarar droppar vaksinar viss dei lèt seg teste opptil fleire gonger dagleg. Fleire byar i USA har likevel strengare krav, mellom anna New York og San Francisco. Der må alle spelarar vere vaksinerte for å spele kampar.

Wiggins spelar for Golden State Warriors, som spelar heimekampane sine i San Francisco, og er dermed uønskt på heimekampane til laget. Sesongen består av 41 heimekampar, og no ser det ut til at alle går utan spelar nummer 22 på bana.

Søkte om unntak – fekk nei

Wiggins sitt siste håp er å få unntak frå noverande reglar. Spelarar har moglegheit til å søkje om unntak frå reglane for religiøse eller medisinske årsaker.

Svaret kom frå NBA i helga, og var inga god lesing for basketsupportere med hjartet i Golden State Warriors.

Warrior Lakers Basketball

FÅR IKKJE SPELE: Andrew Wiggins,

Foto: Mark J. Terrill / AP

– NBA har vurdert og avslått Andrew Wiggin sin førespurnad om unntak frå vaksinasjon. Han vil ikkje kunne spele heimekampane til laget før han oppfyller vaksinekravet i byen, skriv NBA i eit fråsegn.

Faktisk får han ikkje eingong vere i hallen når laget spelar. Både spelarar, publikum og alle andre på arenaen må vere fullvaksinerte for å delta på arrangement med over 1000 deltakarar.

– Eg kan ikkje sjå for meg at eg skal ta vaksinen. Med mindre eg blir tvinga til det på noko vis, melde Wiggins sjølv på ein pressekonferanse i mars, ifølgje NBC.

Golden State Warriors vart NBA-meistrar i 2015, 2017 og 2018, men har slite tyngre dei siste åra. Dei to siste åra har dei ikkje klart å komme seg til sluttspelet.

Då blir det endå tyngre viss dei må klare seg utan Wiggins i mesteparten av kampane. 26-åringen frå Canada, som speler forward, skåra nest flest poeng for laget i fjor, berre slått av superstjerna Stephen Curry.

Motstand frå fleire spelarar

Magasinet Rolling Stone rapporterer no om at fleire spelarar gjer motstand mot vaksinasjonen. Ligaen har mål om å vaksinere alle spelarar før sesongen blir kasta i gong i oktober, men det er fleire enn Wiggins som stikk vaksinekjeppar i hjula.

Kyrie Irving, nestleiar i NBAs spelarkomité, er blant dei som har vist skepsis til vaksineprogrammet. Superstjerna spelar på Brooklyn Nets, og ifølgje Rolling Stone er det noko heilt anna enn basketspeling som har skapt overskrifter dei siste vekene.

NBA: Playoffs-Brooklyn Nets at Milwaukee Bucks

MOTSTANDAR: Kyrie Irving, her med store smerter under NBA-sluttspelet førre sesong.

Foto: Jeff Hanisch / Reuters

Magasinet melder at han viser støtte til teoriar om at vaksina omhandlar «hemmelege samfunn» og «planen for djevelen» – og spreier det til andre spelarar i NBA.

Basketligaen opplyste førre veke at 90 prosent av spelarane har fått minst éin vaksinedose, og det hastar med å få alle spelarar fullvaksinert før sesongstart. Oppkøyringa startar førstkommande helg.

Enes Kanter spelar for Boston Celtics og tilhøyrer motsett fløy. Han håpar alle spelarane tek vaksinen før sesongstart for å få ein rettferdig liga.

– Viss du er uvaksinert og mistar éin eller to veker kan det endre heile sesongen. Og vi prøver å bli meistrar, seier Kanter.

– Viss nokon ikkje vil bli vaksinert på grunn av religion, kjenner eg at vi er i ei tid der religion og forsking må bli lagt saman. Eg har snakka til fleire andre religiøse og tenkjer «det reddar folk sitt liv, og kva er viktigare enn det»? seier Kanter ifølgje Rolling Stone.

NBA-sesongen startar 20. oktober, men om alle får spele er dermed framleis uvisst.

Trail Blazers Nuggets Basketball

VAKSINE-PÅDRIVAR: Enes Kanter.

Foto: Joe Mahoney / AP

Sportsnyheter

Magnus Carlsen

Her innser han Nepos giganttabbe – ny seier for Carlsen

Jan Nepomnjasjtsjij hadde et lite overtak. Men så kastet han bort alt. Nå skal det mye til for at Carlsen ikke tar sin femte VM-tittel.

Siste nytt

  • ManU ansetter sportspsykolog

    Manchester Uniteds nye manager Ralf Rangnick har hentet sportspsykologen Sascha Lense til klubben.
    Det er første gang på to tiår at klubben har en mental trener, skriver The Guardian.

    – I Tyskland har de fleste klubber en sportspsykolog eller mental trener. Det er fullstendig logisk, sier Rangnick.

    – Hvis du har egne trenere for målvakter, fysisk trening, til og med for angripere, kondisjon eller hva det skal være, bør man også ha en for hjernen, legger Rangnick til.

  • Leipzig slo Manchester City

    Leipzig slo Manchester City 2-1 på hjemmebane i siste runde av gruppespillet i mesterligaen.

    Dermed tok det tyske laget 3. plassen i gruppen og går videre til europaligaen på bekostning av Club Brugge.

    Dominik Szoboszlai ble spilt gjennom alene mot keeper og gjorde 1-0 til vertene etter 24 minutter. Andre Silva økte til ledelsen, mens Riyad Mahrez reduserte like etter da det gjensto et kvarter.

    Manchester City var allerede før kampen klare for åttedelsfinalene som gruppevinner.

  • Brann stopper billettsalget

    Brann har stoppet salget av billetter til søndagens kamp mot Sarpsborg 08 i eliteserien i fotball. Det melder BT.no. Det skjer etter at regjeringen tirsdag innførte nye smittevernstiltak.

    Norges fotballforbund skal onsdag ha et møte med klubbene i eliteserien for å se på publikumssituasjonen. Det opplyser NFFs konkurransedirektør Nils Øyvind Fisketjønn til NRK.

    De nye smittervernstiltakene sier at det være minst ett ledig sete mellom tilskuerne på innendørs idrettsarrangementer, men sier ikke noe om utendørs arrangementer.

    Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) sa følgende på spørsmål fra NTB da hun ble spurt om det kan være fulle tribuner i helgens serieavslutning:

    – Hvis det er utendørs, og man har avstand, er det ingen begrensninger.

    Siste serierunde i mennenes eliteserie i fotball spilles førstkommende søndag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal