Hopp til innhold

Idrettspresidenten sletta Facebook-video frå Norway Cup

Vel ein månad etter at Norges idrettsforbund fekk nye retningslinjer for filming av barn og unge, la Berit Kjøll ut ein video frå Norway Cup på Facebook. No har ho sletta den.

Berit Kjøll

SLETTA VIDEO: Idrettspresident Berit Kjøll vart gjord merksam på at videoen ho hadde lagt ut kunne vere i «grenseland».

Foto: Fredrik Hagen / NTB

6. august la idrettspresidenten ut eit innlegg på Facebook, der ho delte fleire bilete og éin video frå Norway Cup.

I tillegg til personvernlova, som blir handheva av styresmaktene, kom Norges idrettsforbund (NIF) med nye retningslinjer for strøyming av barne- og ungdomsidretten. Retningslinjene, som tredde i kraft i slutten av juni, vart vedtekne av idrettsstyret.

Her står det mellom anna at «det skal ikkje lagrast eller bli distribuert filmar av idrettsaktivitet ved bruk av sosiale medium og andre opne kanalar».

Nokre dagar etter at Kjøll publiserte videoen, vart den sletta. Idrettspresidenten hevdar overfor NRK at videosnutten vart filma «på god avstand til utøvarane som spelte fotball slik at barna ikkje var identifiserbare».

I «grenseland»

NIF opplyser at idrettspresidenten er oppteken med Arendalsuka og dermed ikkje tilgjengeleg for eit intervju med NRK. Difor har Kjøll gjeve eit skriftleg svar via idrettsforbundet.

– Då eg vart gjort merksam på at den vesle videosnutten likevel kunne vere i grenseland når det gjeld rammene for gjeldande lovgjeving, særleg personvernregelverket, så valde eg å slette videoen, seier Kjøll i uttalen.

Norway Cup 2022 forberedelser.

FOR BARN og UNGE: Kjøll delte ein video frå Norway Cup, som er ei fotballturnering for barn og unge.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

NRK har sett skjermdump av videoen. Idrettspresidenten stod tilsynelatande nokre meter unna då ho filma borna.

Korleis kan idrettspresidenten fastslå at borna ikkje var identifiserbare?

Det var basert på ei eigenvurdering. I og med at eg vart gjort merksam på at innhaldet kunne vere i grenseland, valde eg å slette videosnutten omgåande, seier Kjøll.

Idrettspresidenten seier ho ikkje innhenta samtykke før publisering fordi ho meinte utøvarane ikkje var identifiserbare.

I NIFs retningslinjer heiter det mellom anna: «Det skal ikkje lagrast eller bli distribuert filmar av idrettsaktivitet ved bruk av sosiale medium og andre opne kanalar». Er ikkje publisering på Facebook eit brot på denne retningslinja?

Ja, i den grad borna er identifiserbare, og det ikkje er innhenta samtykke, vil dette vere eit brot på retningslinjene, seier idrettspresidenten.

– Bomma

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt reagerer på publiseringa av videoen, og meiner det viser at det var eit behov for vedtaket idrettsstyret gjorde rundt nye retningslinjer på dette feltet.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt. Foto: ALEM ZEBIC / NRK

KRITISK: NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.

Foto: ALEM ZEBIC / NRK

Difor meiner han også at idrettspresidenten burde stått fram som eit betre døme på retningslinjene ho sjølv presenterte i juni.

Her har idrettspresidenten både bomma og anten ikkje forstått eller ikkje interessert seg nok for eigne vedtak, seier Saltvedt.

Dersom dette er eit brot på retningslinjene, kor stort overtramp er det eigentleg?

Alle kan bli rivne med, og det vil ein bli av idrettsglede, av barn og av den entusiasmen som er. Det er akkurat då ein skal ha det medvitet som Berit Kjøll, med fleire, openbert ikkje hadde. Forskjellen på henne og alle andre er at det er ein del av hennar presidentansvar er å gå føre med eit godt eksempel, seier Saltvedt.

– Kjem til å vere ekstra medvite

NIF opplyste sjølv at dei nye retningslinjene «er etablerte som følgje av eit klart ønske frå idretten og fleire andre aktørar i samfunnet om ein tilstramming av dagens praksis, der ein ser at barn og unge i stadig større utstrekking blir eksponert for ukontrollert filming og distribusjon, langt ned i aldersgrupper».

Norway Cup strøymde kampar for 15-åringar og oppover, og i sluttspelet vart nokre kampar for 13-14-åringar strøymde i A-sluttspel.

Generalsekretær Pål Trælvik opplyser til NRK at alle lag som blir strøymde har godteke filming og publisering, og alle laga har vorte spurt om dei motseier seg film/bilete.

«Ekebergsletta er ein offentleg stad, og Norway Cup er eit offentleg arrangement. Det vil difor bli teke foto og video under arrangementet, men Norway Cup følgjer gjeldande personvernlover i Noreg, og dessutan retningslinjene til idretten når det gjeld foto og video», heiter det på Norway Cups nettsider.

Idrettspresidenten seier ho ikkje veit kor gamle dei aktuelle borna i videoen var.

Det er sjølvsagt svært viktig at vi alle er klar over dette og ikkje legg ut bilete og video frå arrangement der barn er gjenkjennelege. Det er elles heile intensjonen med dei nye retningslinjene om strøyming av barn i idretten at vi skal få kontroll på ukontrollert filming og distribusjon, seier Kjøll i den skriftlege uttalen.

Det er sjølvsagt noko eg også kjem til å vere ekstra klar over neste gong eg besøkjer eit idrettsarrangement, legg ho til.

Siste nytt

  • Northug med skremmeskudd - Riege smadret konkurrentene

    Langløpsprofilen Amund Riege fikk en drømmestart på sesongen da han gikk helt til topps under det 90-kilomenter lange Klarälvsloppet søndagen.

    – Det var rett og slett en imponerende avslutning av Riege, utbrøt NRK-ekspert Simen Østensen da seieren var et faktum.

    Petter Northug var med helt inn til slutt, og gikk inn til en imponerende 10. plass i Sverige.

    Han slo dermed store profiler som Calle Halfvarsson og William Poroma.

    Toppidrettsveka 2023, Hitra 54km.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Positive meldinger etter dramatisk fotballkamp i Nederland

    Fotballkeeperen Etiënne Vaessen skal etter forholdene ha det bra etter den uhyggelige situasjonen under kampen mellom Waalwijk og Ajax lørdag.

    – Heldigvis svarte Etienne da vi snakket til ham, sa Waalwijk-direktør Frank van Mosselveld ved midnattstider lørdag, ifølge avisen De Telegraaf.

    Oppgjøret mellom Waalwijk og Ajax ble aldri ferdigspilt. I sluttminuttene lå hjemmelagets målvakt bevisstløs på bakken etter en duell der han skal ha blitt truffet i hodet av foten til en motspiller.

    Vaessen kolliderte med Ajax-spissen Brian Brobbey i det 83. minutt. Det ble umiddelbart ropt på medisinsk hjelp.

    Ifølge den nederlandske avisen De Telegraaf ble det satt i gang gjenoppliving, og noen minutter senere ble Vaessen båret av banen og fraktet til sykehus.

    Ifølge van Mosselveld tyder lite på at Vaessen skal ha fått hjertestopp. Han roser helsepersonellet for deres innsats.

    Flere av spillerne brast ut i gråt ute på banen.

    (NTB)

    Waalwijk Ajax
    Foto: OLAF KRAAK / AFP
  • Fortsatt ingen Messi-retur for Inter Miami

    Lionel Messi glimret fortsatt med sitt fravær på banen da Inter Miami lørdag spilte 1-1 mot gjestene New York City FC på hjemmebane i Fort Lauderdale.

    Messi pådro seg en bein-skade i kampen mot Toronto FC forrige onsdag. Han måtte gå av banen etter bare 37 minutter.

    Lørdag ble det først 45 minutter før kampstart annonsert at argentineren ikke var i Miami-troppen.

    I hans skadefravær klarte Miami uavgjort lørdag etter at argentineren Tomas Aviles scoret sitt første mål for klubben da han fem minutter på overtid utlignet til 1-1.

    (NTB)

    US Open Cup Soccer
    Foto: Rebecca Blackwell / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste