Idrettshistorikar minnest Eggen: – Han blei den største popstjerna i norsk langrenn

– For å bli folkehelt i Norge så må du være alminneleg, helst vinne eit par femmil på ski, og du må prate dialekt, seier Thor Gotaas.

Video Det mest spennende øyeblikket fra VM i Kollen 1966

SPENNING: Den kanskje mest spennande augneblinken frå VM i Holmenkollen i 1966 var det kjende ventebiletet som skulle gi oss svaret på om Gjermund Eggen kunne ta sitt tredje gull, på femmila. Det greidde han akkurat

Gjermund Eggen, VM-helten frå 1966, døydde i dag. Han blei folkehelt i løpet av ti dagar i Holmenkollen.

Idrettshistorikar Thor Gotaas møtte Eggen fleire gonger, seinast under femmila i Holmekollen i mars i år.

– Han var ein kjernekar og passa perfekt for å bli ein norsk skihelt. Han kom frå ei lita bygd og gjekk seg inn i folkesjela på ski, prata ei fin dialekt. Det knitra på peisen når du høyrde han prate, seier historikeren og ler.

Gjermund Eggen var aktiv og i langrennstoppen i mange år. Men det var under VM i Oslo i 1966 han blei heile Norges skikonge. Eggen blei skikonge med tre gull – 15 kilometer, 50 kilometer og stafett.

– Han blei den største popstjerna i norsk langrenn.

– Kvifor blei akkurat han så populær?

– Han var ein kjernekar, reiste rundt og gjekk mange skirenn på små stader. Og han var på scenen med Dizzie Tunes, minnest Gotaas.

Oslo-VM i 1966 var det første med brei direkte tv-dekning, og det betydde mykje.

– I 1966 hadde mange fått seg tv. Det var slik at alle gutta hadde lyst å bli som han, og kvinnfolka syntest han var pen, for han var ein lun type som det ikke var mogeleg å mislike.

Hans beste minne: Ein tv-augneblink i 1966 der Jarle Høysæter kommenterer for nrk og ropar ut «kvar blir det av Gjermund»?

Då sit hele Norge å venter på at han skal kome. Og så kjem han og vinn gullet på femmila ti sekund framfor Arto Tiainen frå Finland. Dette har jeg sett om og om igjen, minnest Thor Gotaas.

Siste nytt

  • Nytt Godset-tap

    Michael Karlsens scoring etter 10 minutter ble kampens eneste da Ranheim slo Strømsgodset 1-0 søndag. Drammenslaget er nå på en 12.-plass med bare ni poeng på 10 kamper, mens Ranheim ligger tre plasser over, med 13 poeng.

    Strømsgodset
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Wadji scoret tre

    Ibrahima Wadji scoret de tre første målene til Haugesund da de slo Mjøndalen 4-1 på bortebane i den 10. eliteserierunden. Olivier Occean reduserte med snaue 15 minutter igjen, men like før slutt punkterte Bruno Leite kampen.

    Ibrahima Wadji
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Hegerberg har giftet seg

    Ada Hegerberg (23) har giftet seg med Lech Poznan-spiller Thomas Rogne (28). Det forteller hun selv på Instagram. – Overveldet etter å ha giftet meg med mitt livs kjærlighet og å ha delt vår spesielle dag med familien og våre nærmeste venner, skriver Hegerberg. Paret forlovet seg i juni i fjor.

Sendeplan

Kl. Program Kanal