Hopp til innhold

Idrettsforbundet vraka millionprogram om eteforstyrringar: – Det er merkeleg

Forskarar tilknytt Noregs idrettshøgskole publiserte i 2015 eit program for førebygging av eteforstyrringar. Gjennomføringa av prosjektet ved dei norske toppidrettsgymnasa viste ein enorm effekt, men Idrettsforbundet har framleis ikkje teke programmet i bruk.

Holmenkollen skifestival 2020

STOR EFFEKT: Doktorgradsprogrammet til Martinsen som blei utvikla for å førebyggje utviklinga av eteforstyrringar viste seg å vere svært effektivt.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Seks år har gått sidan Marianne Martinsen, som er førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, la fram doktorgradsarbeidet sitt på førebygging av eteforstyrringar ved alle dei 16 norske toppidretts- og skigymnasa.

Etter å ha følgt kulla på vidaregåande i tre år med førebyggingsprogrammet som varte i eitt år, og samanlikna med kontrollskulane, kunne Martinsen og kollegaene slå fast at programmet var svært effektivt.

På dei skulane der forskarane gjennomførte tiltaka i programmet, fann dei ingen nye tilfelle av eteforstyrringar eitt år etter at tiltaka var avslutta.

Førsteamanuensis Marianne Martinsen ved Høgskolen i Innlandet.

Førsteamanuensis Marianne Martinsen ved Høgskolen i Innlandet.

På dei skulane der ein ikkje innførte førebyggingsprogrammet, var biletet eit heilt anna etter den same perioden. Der fann forskarane nye tilfelle av eteforstyrringar hos heile 13 prosent av jentene.

– Overfor utøvarane hadde vi lite fokus på eteforstyrringar, men andre faktorar som kunne ha vernande effekt for utvikling av eteforstyrringar, seier Martinsen.

– Vi jobba mykje med den indre dialogen, korleis utøverne jobbar med seg sjølv og sin egen motivasjon. Bodskapen vart gjentatt om og om igjen for at det verkeleg skulle feste seg. Det er viktig at tiltak som setjast i verk gjerast systematisk og over tid, ikkje at det er et foredrag som kjem f.eks. ein gang i året, seier Martinsen.

Tidlegare denne veka avslørte Dagbladet at 29 prosent (41 personar) av eit utval på 141 norske kvinnelege langrennsløparar og skiskyttarar mellom 16 til 19 år har forstyrra eteåtferd.

Programmet til Martinsen vart støtta med midlar frå Kulturdepartementet og Olympiatoppen. Tiltaka var retta mot både utøvarar og trenarar, og tok opp tema som sjølvkjensle, mental trening, vekst, utvikling og ernæring knytt til helse og prestasjon.

Hensikta var å auke kunnskapen til utøvarane og trenarane om eteforstyrringar, kva ein bør vere merksame på og kva ein kan gjere viss ein bekymrar seg for andre.

Ikkje teke i bruk

Etter at arbeidet var avslutta og doktorgradsavhandlinga publisert i 2015, tok Noregs idrettsforbund (NIF) kontakt med Jorunn Sundgot-Borgen, som har utarbeidd programmet saman med Martinsen. NIF fekk ein tilpassa versjon av programmet utarbeidd av Sundgot-Borgen og kollegaer ved idrettsmedisinske fag på Noregs idrettshøgskole (NIF).

Men seks år seinare er programmet, som har dokumentert effekt, ikkje vorte teke i bruk.

– Eg synest det er merkeleg at ein ikkje går vidare med eit program som vi har dokumentasjon på at fungerer, seier Sundgot-Borgen til NRK.

– Idrettsforbundet og Olympiatoppen bør ta dette som utgangspunkt og bruke det der vi har testa det ut og vist at det har effekt, oppmodar den erfarne forskaren, som opplyser at ein i USA har teke i bruk ein tilpassa versjon av førebyggingsprogrammet.

SPISEFORSTYRRELSER

MERKELEG: Jorunn Sundgot-Borgen meiner det er merkeleg at ein ikkje har teke i bruk eit førebyggingsprogram med dokumentert effekt.

Foto: Morten Holm / NTB

– Håpar dei tek opp ballen

Martinsen understrekar at ho ikkje var klar over at NIF var tilboden programmet.

– Eg synest det er litt rart at programmet basert på min doktoravhandling er tilbydd NIF utan at eg var klar over det. Men nå har de altså også fått ein førespurnad frå meg i vinter og skulle komme tilbake til meg over påske, så da har de hatt fleire moglegheiter. Eg håper de tar opp ballen, seier ho.

–Eg synest det er synd når det er gitt fleire millionar kroner til dette arbeidet at de ikkje har vist større interesse i korleis dette kan brukast vidare og har tatt kontakt med meg som kjenner doktorgradsarbeidet mitt best, seier Martinsen.

Kristin Lundanes Jonvik, fagansvarlege rådgivar ved Sunn idrett i NIF, seier dei tek sjølvkritikk på at dei enno ikkje har teke initiativet, men forsikrar at førespurnaden ikkje er gløymd.

– Når vi ikkje har teke kontakt enno, kjem dette av ei rekkje initiativ vi har sette i gong for å styrkje den totale innsatsen innan idrett og eteforstyrringar, ikkje minst som følgje av koronapandemien der dette problemfeltet har vorte ytterlegare aktualiserte, seier ho.

Reagerer på grunngivinga

Nestleiar i NIF, Vibecke Sørensen, forklarar valet med at programmet er for ressurskrevjande.

– Det vi har opplevd med dei førebyggjande programma dei viser til er at dette er program som krev mykje intervensjon og oppfølging. Ressursane til å ta det i bruk har vi meint at vi ikkje har, og vi meiner heller ikkje at det er formålstenleg å bruke ressursane vi har på det området, seier ho til NRK.

Det er Martinsen uening i.

– Programmet vart utvikla både med tanke på å førebyggje utvikling av eteforstyrringar og samtidig vere mogleg å gjennomføre i skulane ut frå læreplanen. Eg har stort samvit rundt det at det er gieve offentlege midlar til prosjektet, og då har eg vore oppteken at programmet skal vere gjennomførbart, seier Martinsen, som sjølv også er utdanna lærar.

Anette Trettebergstuen møter ledere i Norges idrettsforbund

RESSURSKREVJANDE: Nestleiar i Noregs idrettsforbund, Vibecke Sørensen, meiner det krev for mykje ressursar å ta i bruk Martinsens program.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Merkeleg

– Dersom dei vurderer at det er for krevjande, synest eg det er merkeleg at dei gjer eigne ting utan at dei måler om tiltaka har nokon effekt på førebygging av eteforstyrrelser, seier Martinsen og etterlyser dokumentasjon på effekten av Sunn Idretts arbeid.

Jonvik understrekar at tiltaka Sunn Idrett har starta med er forskingsbasert, og at dei målar både rekkjevidd og kor godt dei når ut med tiltaka.

– Effekten av tiltaka for å forhindre eteforstyrringar kan først målast over lengre tid. Vi møter gjerne forskarar som ønskjer og har ressursar til å bidra til dette arbeidet, seier Jonvik.

Martinsens forsking vart støtta med midlar frå Kulturdepartementet og Olympiatoppen. Departementet vil ikkje gå inn på kor mykje midlar dei tildelte prosjektet, men opplyser at NIH har fått 29,5 millionar i grunnstøtte i perioden 2008–2015.

Statssekretær Gry Haugsbakken i Kulturdepartementet meiner det er viktig at ein ser alvorleg på dei komplekse problemstillingane rundt eteforstyrringar og forstyrra eteåtferd.

– Sakene som verserer i ulike medium om langrennsutøvarar og forholdet til mat, er skakande lesing. Vi har allereie snakka med Berit Kjøll og idretten om dette denne veka, og veit at dei tek det på største alvor – det forventar vi òg at dei gjer, seier Haugsbakken til NRK.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Martinsen og kollegaene hennar følgde kulla på vidaregåande i eit år. Det riktige er at dei følgde kulla i tre år. Dette blei endra 6. november 2021.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal