Siste nytt

  • Kvinnefotball-liga i Saudi-Arabia

    Saudi-Arabia startar opp ein fotballiga for kvinner, melder fotballforbundet i landet.

    Konservative Saudi-Arabia har lange hatt strenge reglar for kva kvinner får lov til, og det er ikkje meir enn to år sidan dei fekk lov til å vere på tribunen under fotballkampar.

    Fotballigaen er ein del av ei oppmjuking av regelverket, som no gir kvinner tilgang også til mellom anna å køyre bil.

    Saudi-Arabia og kvinnefotball
    Foto: Omar Salem / AFP
  • Kan debutere i super-G i helga

    Henrik Kristoffersen er teken ut til kombinasjon og super-G i Hinterstoder i helga. Om han startar i super-G, blir det debut i øvinga i verdscupen.

    – Eg køyrer kombinasjonen, så køyrer eg super-G om det går bra, seier Kristoffersen til NTB.

    Han jaktar samanlagt siger i verdscupen, der han er 74 poeng bak Aleksander Aamodt Kilde. Kilde stiller også.

    I tillegg skal Kristoffersen køyre storslalåm i Hinterstoder.

    Henrik Kristoffersen i aksjon i slalåmrennet i Schladming
    Foto: Lisi Niesner / Reuters
  • Pappa Filip

    Filip Ingebrigtsen og kona Astrid Mangen Ingebrigtsen er blitt foreldre for første gang. Datteren skal hete Ellie.

    Det skriver friidrettsstjernen selv på Instagram.

    «Møt lille Ellie. Født: 24.02.2020. Status: Skjønnas», skriver han. «PS: Mamma er dødsrå»

    Ingebrigtsen valgte å løpe tre innendørsstevner tidligere i februar for å være ferdig til fødselen.

    FILIP INGEBRIGTSEN.
    Foto: ALI IQBAL TAHIR / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal