Iditarod-vinner kommer hjem

Hundekjører Thomas Wærner har vært koronfast etter Iditarod-seieren i mars, men nå er planlagt hjemreise 24. mai, opplyser familien til NRK. Wærner og hundene ankommer Sola flyplass i Braathens SAFEs veteranfly DC-6, som har stått parkert i Alaska i flere år, ifølge NTB.

Thomas Wærner
Foto: Bob Hallinen / Iditarod

Siste nytt

  • Snøbrett-meister omkom i drukning

    Den doble verdsmeisteren i snøbrett, australske Alex Pullin, drukna under harpunfisking utanfor Palm Beach på Gullkysten onsdag, melder ABC News og lokale media.

    Han blei funnen av ein dykker og teken til land. Der blei det gjort gjeopplivingsforsøk, men det lykkast ikkje. Politiet har ikkje stadfesta namnet på den omkomne, men granskar omstenda.

    Ifølgje Sydney Morning Herald var Pullin ein erfaren fridykkar og undervassfiskar med harpun.

    Pullin (32) blei verdsmeister i 2011 og 2013, og var flaggbærar for Australia i OL i Sotsji i 2014.

    Alex Pullin
    Foto: Susana Vera / Reuters
  • Ryder Cup blir utsett til neste år

    På grunn av pandemien blir golfturneringa Ryder Cup utsett til neste år, melder sportskanalen ESPN. Det er venta at det blir offisielt kunngjort i dag.

    Ryder Cup skulle etter planen gått i Wisconsin i USA siste helga i september.

    Ryder Cup er ein lagkonkurranse mellom Europa og USA, og blir arrangert annakvart år.

    Ryder Cup
    Foto: Usa Today Uspw / Reuters
  • Juventus rota seg bort

    Juventus kunne teke eit stort steg mot ligasiger, men mista rota bort 2-0 og tapte 2-4 for Milan.

    Ardien Rabiot og Cristiano Ronaldo scora for Juventus, men Zlatan Ibrahimovic, Franck Kessié og Rafael Leao snudde kampen med tre mål i løpet av fem minutt. Ante Rebic scora det siste for Milan. Alle måla kom i andre omgang.

    Ettersom Lazio også tapte tysdag, er Juventus' leiing i Serie A framleis sju poeng når sju kampar står att.

    Bonucci og Szczesny, Juventus
    Foto: Miguel Medina / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal