– Det er eitt av grepa eg har tatt, seier den ofte sjukdomsplaga skøyteløparen til NRK. Altfor ofte har ho blitt sjuk i desember/januar.
For å prøve å unngå sjukdom i vinter har ho derfor lagt inn ein treningsperiode i varmare strok i desember, når første del av verdscupsesongen er ferdig.
– Då får eg ein litt annan type trening på berr mark. Det er godt for å halde trykket i kroppen, og for å førebyggje sjukdom. Det er mange utøvarar som gjer det, og eg trur det blir veldig bra, seier 25-åringen.
Plaga av sjukdom
I 2015 tok Ida Njåtun VM-bronse og vart første norske medaljevinnar i allround-VM på 35 år. Då vann ho 1500-meteren og var berre drygt 0,5 tidspoeng bak Wüst som tok sølv.
TITTELFORSVARAR: Ida Njåtun har vunne allround-NM dei fire siste sesongane
Foto: Johansen, Carina / NTB scanpixFram til då hadde sesongen vore sterkt prega av sjukdom, med mellom anna lungebetennelse i januar.
Også før EM i januar i år blei ho forkjølt.
Allround-NM går i Trondheim 17. og 18. desember. Ida Njåtun har vunne allround-NM dei fire siste sesongane.
– Det tidspunktet kolliderer med den sjansen eg har til å trene i varmare strøk. Det er viktig for meg å få til det. Alternativet hadde vore å miste ei verdscuphelg eller EM. Det krev prioritering, og då blei det slik i år, seier Njåtun.
Operasjon
Operasjon av biholene er eit anna grep Ida Njåtun har teke for å sleppe sjukdom denne sesongen. Den operasjonen tok ho i sommar.
Ho har aldri hatt problem med pusten, men ønskjer å gjere kva som kan gjerast for å halde seg unna sjukdom.
Men ho merkar ikkje så stor effekt etter operasjonen.
– Eg trudde nesten eg skulle få ei aha-oppleving etterpå, men det har eg ikkje fått. Men eg trur det går bra, seier Njåtun.