– Nei, det kan ikkje stemme, seier Besseberg til NRK.
Rapporten «Sports Governance Observer», som du kan lese her, vart offentleggjort i slutten av oktober. Han kritiserer IBU mellom anna for manglande event-rapportar og svak økonomisk kontroll.
SGO er eit omfattande måleverktøy som gir poeng for demokratiske verdiar. Målet er å hjelpe organisasjoner til å utvikle system som demmer opp for korrupsjon og misbruk av makt.
I rapporten er IBU nummer 27 av dei 35 forbunda med idrettar som står på det olympiske programmet, med berre 38,5 på ein skala inntil 100 poeng.
Det internasjonale ridesportforbundet toppar med 75 (sjå faktaramme):
– Dersom SGO med events meiner arrangement, har vi rapportar etter kvart einaste. Dei blir sende til alle medlemsland og er opne, seier Besseberg.
Inga tidsgrense
– Økonomisk rapporterer vi til styresmaktene i Austerrike, der vi betaler skatt, seier Besseberg. IBU har hovudkvarter i Salzburg.
IBU er registrert som ein «non goverment organisation». Dei betale ut skattefrie inntekter til medlemslanda, men må skatte for det som blir att i hovudorganisasjonen.
SGO-rapporten kritiserer også IBU for å ikkje ha tidsavgrensa valperiodar.
– Vår tanke er at vi ikkje vil tvinge folk som gjer ein god jobb til å slutte. Om ein person ikkje gjer god nok jobb, vel vi ein annan, seier Besseberg.
Han meiner at IBU no har eit moderne og godt lovverk, og skjønar ikkje kva dei kan gjere betre. Han trur ei mistyding kan vere pårsaka til at dei er så langt nede på SGO-lista.
– Vi fekk eit spørjeskjema som ein av dei underordna på vårt kontor kryssa av på. Vi forstod vel ikkje heilt kva bakgrunnen var. I ettertid ser vi nok at generalsekretæren burde vore den som svara, seier Besseberg.
45 prosent opne og demokratiske
SGO tek for seg ei rekkje indikatorar innan områda open og offentleg kommunikasjon, demokratiske prosessar til dømes i samband med val, økonomiske kontrollrutiner og solidaritet (som antirasisme og pengestøtte til grasrota).
100% demokrati er målet. Men det er langt unna. I snitt ligg organisasjonane på 45,4 prosent, ut frå kriteriane i granskinga.
Noko overraskande kjem skandaleomfatta FIFA på andreplass med 68 prosent. Det er fordi dei har innført fleire omfattande reformer dei siste åra.
– Målet vårt er å gjere SGO-rapporten kritisk nok til å vere ei vekking som er konstruktiv nok til å vere ein guide til å gjere det betre. Det er ikkje berre eit spørsmål om å unngå korrupsjon, men også om å få forbunda til å endre sine tankar og haldningar, sa prosjektleiar Arnout Geeraert.