Hopp til innhold

IBU tilbakeviser russiske medieoppslag: – Vi kjende ikkje til razziaen

Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) tilbakeviser russiske skuldingar om at dei skulle ha visst om politirazziaen mot Aleksandr Loginov og trenaren hans på førehand.

VM i skiskyting i Anterselva 2020

RAZZIA: Aleksandr Loginov måtte svare på mange spørsmål etter politirazziaen i Anterselva.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Russiske media har skrive mykje om politirazziaen i Anterselva grytidleg laurdag morgon. Mange av artiklane stiller seg uforståande til at det skulle vere nødvendig å gjere det mot Loginov og hans ukrainske trenar Alexander Kasperovitsj.

Både Kasperovitsj og Loginov var innblanda i ei dopingsak for fem år sidan, ei sak som gav Loginov ei utestenging på to år.

Det er oppretta straffesak mot dei i Italia, der doping er eit lovbrot.

– Men saka kan bli avslutta før ho kjem for retten, seier Kasperovitsjs og Loginovs advokat Johann Zöggler til telegrambyrået Tass.

– Det er opna sak, men førebels er det berre ei etterforsking. Viss det ikkje kjem fram noko alvorleg, kan saka avsluttast, seier Zöggler.

Politiet har så langt ikkje sagt at dei har funne noko ulovleg.

Kasperovitsj skal ha komme seg inn i Russlands delegasjon gjennom ein falsk akkreditering han hadde fått via Ukraina.

Påstår IBU oppmoda politiet

Faksimile fra Komosolskaja Pravda

MEDIEOPPSLAG: Russiske medium har skrive mykje etter razziaen, her ein kommentar frå Komsomolskaja Pravda

Den russiske avisa Isveztija skriv om «søket det italienske politiet utførte på førespurnad frå IBU» når dei refererer til razziaen.

Politiet gjekk inn «etter ei oppfordring frå IBU», skriv telegrambyrået Tass.

Komsomolskaja Pravda har ein kommentar om «korleis verdsmeisterskapet i Antholz enda med ein storslått skandale». Der blir òg brørne Bø – «som vanlegvis er lojale mot landet vårt» – nemnt med NRK-sitata «dette er ikkje meisteren» og «han fortener ikkje å vere her, men vi kan ikkje påverke det».

Allereie då Loginov vart doping-tatt i 2015 sa Johannes Thingnes Bø at han håpar Loginov aldri kjem tilbake.

– Sjofle kommentarar etter Loginovs gull, karakteriserer nettavisa MK det som. Bø-brørne kom med kommentarane sine etter Loginovs gull på sprinten.

Avviser all kjennskap

Det uavhengige IBU-organet Biathlon Integrity Unit (BIU) avviser at dei visste om eller bad om nokon aksjon frå italienske politistyresmakter.

The Integrity Unit var ikkje kjent på førehand med aksjonen frå det italienske politiet. Aksjonen vart sett i gang av italiensk påtalemakt i Bolzano, skriv BIU i ei pressemelding måndag kveld.

Der heiter det vidare at BIU vil hjelpe politiet med alle opplysningar dei ber om, men at dei ikkje kan seie noko meir om kva som skjer vidare, fordi dei ikkje er part i saka.

Tore Bøygard

STYREMEDLEM I IBU: Tore Bøygard.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– I Italia er doping kriminalisert. Derfor er det ei rein politisak når politiet får mistankar. IBU har ikkje noko med det å gjere, slår styremedlem Tore Bøygard fast overfor NRK.

Tass stiller spørsmål om kvifor Loginov skal li for at trenaren har gjort ein feil med akkrediteringa. Loginovs pc og telefon vart beslaglagt.

– Eg kjenner ikkje til kva russiske media melder i dag, seier Bøygard.

Loginov kom tilbake til heimlandet måndag. Han stod over fellesstarten søndag.

I ein annan artikkel i Izvestija ber Russlands skiskyttarpresident Vladimir Dratsjev IBU om å stoppe provokasjonane til BIU mot Loginov.

– BIU provoserer. Vi er klare for dialog, ikkje for ein konfliktsituasjon, seier Dratsjev.

Biathlon Integrity Unit vart oppretta i fjor haust som ei heilt uavhengig eining i IBU-systemet. Ho har ansvaret for å handtere alle integritet-relaterte saker i skiskytinga.

– Styret i IBU støttar fullt ut The Integrity Unit, skriv IBU-president Olle Dahlin.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal