IBU forbyr farlege fluor-produkt

Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU, forbyr all bruk av dei farlegaste fluorprodukta i sine konkurransar frå og med komande sesong.

All utvikling, innkjøp, bruk, sal eller å gje alle produkt som inneheld C8-fluorkarbon, blir forbode, skriv IBU i ei pressemelding.

Dette er i tråd med EU-reglane med fluor i skismurning. C8 er ikkje nedbrytbar. I staden er såkalla kortkjeda fluorkarbon C6, som er ein flytande glider, introdusert. Denne skal altså framleis vere lov innan IBU.

IBU skal også under konkurransane ha utstyr som der og då skal kunne spore fluorkarbon. Men til det trengst ein såkalla «Fluor Tracker» som enno ikkje er ferdig. Derfor vil slike kontrollar ikkje finne stad komande sesong, skriv IBU.

– Dette er ei veldig fornuftig løysing. Det får ingen store konsekvensar for løparane, samstundes som vi går i rett retning med tanke på helse og miljø, utan at det er totalforbod, seier smørjesjef Tobias Dahl Fenre til NRK.

Både FIS (det internasjonale skiforbundet) og IBU vedtok allereie i fjor å innføre forbodet, men begge vedtok å utsetje det til i år fordi fluor-trackeren ikkje var ferdig.

Årsaka til forbodet er både miljøvernomsyn og omsynet til skismørjarane si helse.

Skilt om å droppe fluor i skiløypa ved Birkebeinerstadion i Lillehammer.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Siste nytt

  • Barcelona unngjekk sjokktap

    Barcelona fekk ein tidleg kalddusj då Domingos Duarte sende gjestane Granada i føringa etter to minutt i kveldens kamp i den spanske toppserien.

    Heilt på tampen av kampen sørga Ronald Araújo for å berge Barcelona frå eit pinleg heimetap.

    Uavgjortresultatet gjer at Barcelona står med åtte poeng etter fire kampar. Katalanarane fekk nyleg bank av Bayern München i meisterligaen, men i La Liga er dei framleis utan tap.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Vurderar klubbyte for Bohinen

    Emil Bohinen slit med å få speletid etter millionovergangen til CSKA Moskva. No meiner pappa, Lars Bohinen, at sonen må vurdere å skifte klubb.

    – Han er jo ikkje nøgd med å ikkje spele og meiner han er god nok, seier han til NRK.

    22-åringen har ikkje starta ein kamp for sitt russiske lag sidan 25. juli. I kveldens kamp mot Spartak Moskva vart han bytta inn etter 65 minutt, men rakk ikkje å markere seg bortsett frå eit gult kort.

    – Viss situasjonen ikkje endrar seg før neste overgangsvindauge, så må vi jo sjå på andre løysningar. Han må jo spele, seier pappa-Lars.

    Emil Bohinen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Satsar vidare på unge talent

    Vålerenga forlenga med unggutane Jacob Dicko Eng (17) og Seedy Jatta (18). Det opplyser klubben i ei pressemelding.

    Dei to har i år fått sjansen både i Eliteserien og i sommarens europakvalifisering.

    Dicko Eng vart henta frå Lyn i januar, men spelte seg raskt inn på A-laget. Jatta har vore involvert i 17 A-lagskampar denne sesongen, og fekk sitt første mål borte mot Stabæk.

    Dicko Eng har signert ein kontrakt som varer til juli 2024, medan Jatta har forlenga til sommaren 2025.

    Eliteserien fotball 2021: Stabæk - Vålerenga (0-2)
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal