Ibrahimovic angriper svensk «snikrasisme» i NRK-intervju: – Dei er mislykka menneske

LOS ANGELES/OSLO (NRK): Zlatan Ibrahimovic meiner bestemt at han hadde fått fleire sjansar til å oppnå suksess dersom han hadde hatt eit tradisjonelt svensk etternamn.

SJÅ VIDEO: Zlatan Ibrahimovic møtte NRK i Los Angeles like før lanseringa av si nye bok.

– Eg trur dette handlar om mislykka menneske. Eg trur det er menneske som er mislykka og ikkje har glede, seier Ibrahimovic om rasismen han meiner seg utsett for gjennom eit heilt fotballiv.

37-åringen, som er aktuell med ny bok, møter NRK i Los Angeles hans første sesong i LA Galaxy.

I den første halvdelen av intervjuet med NRK blåser Ibrahimovic ut om eit betent tema: Det han hevdar er mange, svenske rasistar som har gitt han store hindringar på vegen til toppen.

– Dei få sjansane eg fekk hadde vore fleire sjansar om eg hadde hatt eit anna etternamn. Om eg hadde vore ein Svensson hadde eg vore meir beskytta, seier Ibrahimovic.

Zlatan

STOR LANDSLAGSKARRIERE: Zlatan Ibrahimovic er Sveriges største fotballspelar gjennom tidene, men likevel har superstjerna eit betent forhold til fortida i det svenske samfunnet.

Foto: Sandberg, Fredrik / NTB scanpix

Meiner svenskar er utakknemlege

«Snikrasisme» er ordet fotballstjerna brukar i både boka og intervjuet med Norsk Rikskringkasting.

– Gjennom heile karrieren har eg merka at når Ibrahimovic gjør ein feil, då er det katastrofe. Når Larsson, Svensson og Andersson gjør ein feil skal vi vere snille med dei. Det har eg merka, for eg har sjølv opplevd det.

Han meiner det er stor forskjell på kva han opplever i Sverige og det Zinedine Zidane opplevde i Frankrike etter at han blei utvist i VM-finalen i 2006.

Der Ibrahimovic har bosnisk far og kroatisk mor, har Zidane foreldre med innvandrarbakgrunn frå Algerie.

– Zidane skalla ned Marco Materazzi i VM-finalen. Han blei meir beskytta i Frankrike enn han fekk skit. Fordi han er ein fransk spelar. Dette er fransk stoltheit.

– Når eg ser meg sjølv i samme situasjon ... Svensk stoltheit. Det eg representerer ...

Ibrahimovic meiner Sverige ikkje har sett nok pris på det han har oppnådd for landet. I januar sa Zlatan til den franske TV-stasjonen Canal+ at svenske medium ikkje er på hans side på grunn av hans bakgrunn.

– Det Sverige får no, skal dei vere takknemlege for. For det kjem ikkje til å komme ein til, seier «Ibra».

Zlatan Ibrahimovic

TROFÉ-KONGE: Zlatan Ibrahimovic har vunne 33 titlar i fem land i klubbkarriera, som han meiner beviser at han er ein god lagspelar og ikkje ein dårleg, som tidlegare har vore diskusjonstema i Sverige.

Foto: Tim Ireland / AP

Sveriges rasisme-rabalder under VM: – Eg har opplevd mykje verre

Bakgrunnen for utblåsinga er rabalderet som ofte oppstod i media då Ibrahimovic spelte på det svenske landslaget. Han blei sett på som ein dårleg lagspelar, ei diva og ein arrogant person.

I boka skriv 37-åringen at ingen kan fortelle ein spelar som har vunne 33 titlar i fem forskjellige land om kva som er godt lagspel og ikkje.

Vidare fortel han at han har opplevd og overvunne ein motstand som har gjort det lettare for andre med ikkje-svensk bakgrunn å takle utfordringar.

Ibrahimovic meiner at han har gått opp den tøffaste vegen av alle. At han har opplevd det verste, men at han ser situasjonar som gir han eit ubehageleg gufs av fortida.

– Jimmy Durmaz er eit anna eksempel på at det eksisterer ...

I sommar kokte det i sosiale medium etter at landslagsspelaren Jimmy Durmaz, med sør-tyrkisk bakgrunn, gav Tyskland frisparket som avgjorde kampen til Tysklands fordel.

Då tyskarane vann 2–1 blei Durmaz trua i kommentarfeltet sitt på Instagram. Durmaz fortalde at han opplevde rasisme, blei kalla sjølvmordsbombar og at familien hans blei trua.

– Eg synst han handterte det bra. Men det han har gått gjennom er ingenting i forhold til det eg har gått gjennom. Likevel betyr denne situasjonen at det eksisterer og at det finst mislukka menneske der ute. Dette er eit levande bevis på det, seier Ibrahimovic.

Han utdjupar kva han meiner med «det han har gått gjennom»:

– Eg hugsar då eg var i Malmö FF. Å heite Ibrahimovic var ikkje lett. Å komme på førstelaget var ikkje lett. Å komme på landslaget var ikkje lett. Det som skjedde hadde ikkje skjedd om eg ikkje var Ibrahimovic.

– Eg har opna dører til alle der ute som kjenner seg annleis. Alle der ute som ikkje kjenner seg velkommen. Dei som har ein annan bakgrunn. Eg har opna dører for dei og sagt at det funkar, det går. Ein kan lukkast, legg han til.

RASISME-BRÅKET: Landslagsspelar Jimmy Durmaz stod opp mot rasisme under fotball-VM i sommar. Durmaz blei trua etter å ha laga frispark som førte til tysk scoring og tap for Sverige.

Kallar «snikrasistar» dårleg oppfostra menneske

Galaxy-angriparen nektar å snakke om svensk politikk, men har ei klar oppfatning av korleis mange i det svenske samfunnet bør endre oppfatning av «dei nye svenskane».

– Vi er ikkje mislykka. Vi jobbar, vi kjempar, vi krigar. Vi berer flagget. Eg er den nye svensken og representerer Sverige på min måte. Eg er det nye Sverige. Eg er svensk kor enn eg drar.

– Eg har sett Sverige på kartet og kjem med noko ingen annan fotballspelar har komme med. Gi meg nokon annan svensk spelar som har gjort det. Gi meg ein annan skandinavisk spelar som har gjort det. Ingen. Men eg trur at om det var ein Svensson som kom og representerte dette ville han vore meir beskytta i svensk media.

Mannen som har vunne titlar i Italia, Spania, Frankrike og England avsluttar angrepet med eit stikk til dei som har gitt han motstanden han frustrert seg over.

– Dei er dårleg fostra opp. Dei er ikkje folk ein skal legge meir energi i. For dei fortener ikkje den energien, seier Ibrahimovic til NRK.

ZLATAN IBRAHIMOVIC

«JAG ÄR FOTBOLL»: ...Er tittelen Zlatan Ibrahimovic har gitt sin andre sjølvbiografi. Her gir han intervju om boka i Los Angeles.

Foto: Elisa Ferrari/TT / TT NYHETSBYRÅN

Siste nytt

  • Topptrener vil frede draktnummer ti

    Diego Maradona spilte hele karrieren med tallet 10 på ryggen. For å hedre det avdøde fotballikonet ber André Villas-Boas om at draktnummeret blir «pensjonert».

    – Det er veldig sørgelige nyheter. Jeg vil at Fifa (Det internasjonale fotballforbundet) freder nummer 10 for alle lag i alle turneringer. Det vil være den fineste hyllesten vi kan gi ham. Han er et utrolig stort tap for fotballverdenen, sier Marseille-trener André Villas-Boas, ifølge Marca.

    Maradona er blitt hyllet over hele verden etter det ble kjent at han hadde gått bort onsdag ettermiddag norsk tid. (NTB)

    tyrdtgdr
    Foto: Carlo Hermann / AFP
  • Trener med positiv korona-test

    Norges Skiforbund opplyser i en pressemelding at allroundtrener Eirik Myhr Nossum har testet positivt på korona. Testen ble gjennomført i forbindelse med landslagets ankomst til Ruka i Finland, der verdenscupen starter fredag.

    Meldingen utvides.

    rKtaHy8Uzxk
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Russisk skiskyttar testa positivt

    Den russiske skiskyttaren Anton Babikov, pluss ein lege og to massørar, har testa positivt på Covid-19, melder det russiske skiskyttarforbundet på instagram.

    Det er no opp til dei finske arrangørane å avgjere om dei russiske deltakarane får delta i verdscupopninga i Kontiolahti til helga.

    I mellomtida er heile den russiske troppen isolert på hotellet sitt.

    Også i troppane til Latvia og Moldova er det oppdaga smitte, melder det internasjonale skiskyttarforbundet.

Sendeplan

Kl. Program Kanal