Hopp til innhold

Hardt ut mot Isinbajeva: – Å velje henne til leiar, sender feil signal

Det internasjonale friidrettsforbundet meiner Russland har gjort små framsteg i arbeidet med kampen mot dopingkulturen.

Jelena Isinbajeva

FEIL SIGNAL: IAAF er sterkt uroa over at Jelena Isinbajeva er vald til leiar for Russlands antidopingbyrå, og meiner hennar haldningar ikkje fremjar det russiske antidopingarbeidet

Foto: Jamie Squire / Getty Images

Valet av Jelena Isinbajeva som leiar for det russiske antidopingbyrået RUSADA blei kritisert i sterke ordelag på IAAFs styremeøte i London i dag, og kan føre til at det vil ta lang tid før Russland igjen får delta i internasjonal friidrett.

Isinbajeva vart vald til RUSADA-leiar i desember.

Ho har ikkje gitt noko slags støtte til varslarar som Andrej Dmitirev, Vitali Stepanov og Julija Stepanova, som alle har varsla om systematisk doping i russisk idrett. Alle tre har blitt nøydde til å reise til utlandet.

– Antirussisk komplott

Isinbajeva har tvertimot kritisert WADA for å drive eit antirussisk komplott, og kravd livtids-utestenging for 800 meter-løparen Stepanova.

– Det er vanskeleg å sjå korleis dette valet skal hjelpe til med å oppnå den nødvendige endring i den russiske friidrettskulturen, eller korleis det skal hjelpe rusisske varslarar, skriv Rune Andersen i rapporten som blei lagt fram på møtet.

Andersen hadde sjølv ikkje høve til å vere til stades på møtet i London.

Han er leiar for arbeidsgruppa som skal sjå til at Russland skal imøtekome krava som IAAF har sett til antidopingarbeidet i landet.

Rune Andersen

UROA: Rune Andersen er leiar for arbeidgruppa som skal sjå til ar Russlands antidopingarbeid blir godt nok. Men han er skuffa over framdrifta

Foto: Eric Gaillard / Reuters

Isinbajeva har fleire gonger kritisert den internasjonale antidopingorganisasjonen WADA, kalla dopinggranskinaga for eit antirussisk komplott, og kravd livstidsutestenging for ein tidlegare utøvar som varsla om systematisk russisk doping i idrett, opplyserIAAF i ei pressemelding.

IAAF utestengde i november 2015 russiske utøvarar frå alle internasjonalre konkurransar etter avsløringar om systematisk doping. Dette førte til at Isinbajeva ikkje fekk delta i OL i Rio i fjor.

– Skuffa over Russland

Men ho har to OL-gull frå før, og er verdsrekordhaldar.

Fleire russiske friidrettsutøvarar får likevel delta internasjonalt, men ikkje under russisk flagg. Russland som nasjon er utetstengd.

IAAF har laga eit «vegkart» med seks punkt for Russlands veg mot eit godt nok antidopingsystem. Det er dette arbeidet IAAF meiner langtfrå er godt nok.

– Vi i styret er svært skuffa og uroa over at Russland er komne så kort i arbeidet, og at det har skjedd så lite sidan vårt førre møte i februar, sa IAAF-president Sebastian Coe.

– Det er ingen grunn til ar arbeidet ikkje skulle ha kome lenger.

Vil ikkje fire på krava

IAAF President Sebastian Coe

SKUFFA: IAAF-president Sebastian Coe likar ikkje at det går så sakte med antidopingarbeidet i Russland

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Han var mest av alt uroa over situasjonen for dei som seier frå om doping i Russland.

– Alle med informasjon om eit system som ikkje jobbar for reine utøvarar, må kunne vere trygge, sa Coe.

Han strekar under at IAAF ikkje vil fire på krava til Russland.

– Utøvarane blir testa, men testinga er langtfrå omfattande nok. Russland vil framleis ikkje gi frå seg biologiske pass for internasjonal kontroll, utøvarane oppheld seg framleis altfor ofte i byar som er avstengde og som uavhengige kontrollørar ikkje slepp inn i, og Russland har ein antidopingsjef som ikkje vil skrive under på landets eige lovnad om reine utøvarar, seier Sebastian Coe.

Sportsnyheter

Amalie Iuel rystet seg selv i comebacket: – Sjukt å se hva kvinnekroppen er kapabel til

Nesten to år er gått siden sist Amalie Iuel løp konkurranse. Lørdag ettermiddag var hun tilbake på friidrettsbanen med seier.

Duplantis fikk «blackout» etter verdensrekorden: – Man blir helt hysterisk

Stavkongen Armand Duplantis forbedret sin egen verdensrekord i det NRK-sendte Diamond League-stevnet i Xiamen. Da tok det helt av på arenaen og i kommentatorboksen.

Siste nytt

  • Erling Braut Haaland ikke i troppen i FA-cupsemifinalen

    Manchester City må klare seg uten spydspiss Erling Braut Haaland i lørdagens FA-cupsemifinale mot Chelsea på Wembley.

    Haaland måtte i midtuken byttes ut i kampen mot Real Madrid i mesterligaen. I etterkant opplyste City-manager Pep Guardiola at nordmannen hadde et muskulært problem og at han skulle undersøkes ytterligere foran lørdagens semifinalekamp i London.

    Han ble ikke klarert for spill, og dermed må City klare seg uten mannen som har scoret 31 mål på 39 kamper denne sesongen.

    City er regjerende mester i FA-cupen etter at de i fjor vant både ligaen, mesterligaen og cupen. I midtuken ble drømmen om en ny mesterligatittel knust da Real Madrid vant kvartfinalen etter straffesparkkonkurranse.

    De lyseblå er i føringen i kampen om Premier League-tittelen med to poeng ned til Arsenal og Liverpool. Det gjenstår seks seriekamper.

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har likevel måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Casper Ruud til finale i Barcelona

    For andre gang på en uke er Casper Ruud klar for finale. Han vant 7–6 (8-6), 6–4 mot argentinske Tomas Martin Etcheverry i ATP-turneringen i Barcelona.

    I søndagens finale venter Stefanos Tsitsipas eller serbiske Dusan Lajovic.

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal