Du har sett den i mange år og heilt sikkert blitt van med den. Linja som sjølvaste Jo Nesbø var ein initiativtakarane til.
Når ein hoppar flyg nedover bakken veit du der heime og dei på stadion at dei må kome seg over den grøne linja for å ta leiinga.
Berre eit økonomisk spørsmål
I nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen i morgon ser det ut som linja blir borte.
– Eg trur det er mange som har blitt glad i den grøne linja og synest den er spennande. At den plutseleg blir borte på grunn av eit økonomisk spørsmål synest eg er synd, seier hoppekspert Johan Remen Evensen.
For det heile botnar i ein konflikt mellom det tyske skiforbundet og organisasjonskomiteen av hoppveka.
– Det har vore ein diskusjon og me sa ifrå til det tyske skiforbundet for ein månad sidan. Dei har betalt for den sidan den kom i bruk for tre år sidan. Eg veit ikkje kvifor dei ikkje har gjort det i år. Det er berre eit økonomisk spørsmål, seier president for komiteen i hoppveka, Michael Maurer.
– Viktig for tilskodarane
Den grøne linja har vore i bruk på TV i mange år, men for tre år sidan kom laserlinja som også gjev publikum i bakken og utøvarane sjølv moglegheit til å sjå den grøne streken.
– Utøvarane synest det er bra for da har dei alltid noko å strekke seg etter. For publikum i bakken er det gøy, fordi dei får større innblikk i konkurransen går ut på. Dei heime som ser på TV blir også meir med på det som skjer, meiner Evensen.
Det skal vere snakk om 10.000 euro og det internasjonale skiforbundet (FIS) har ennå ikkje gjeve opp å få den grøne linja på plass til rennet i morgon.
– Det har mykje å seie for atmosfæren på stadion at folk kan sjå ganske presist kor langt utøvarane må hoppe for å ta leiinga. Det er veldig viktig for publikum, seier mediekoordinator i FIS, Horst Nilgen.
Nesbø ville gjere produktet betre
Du stussar kanskje på kvifor suksessforfattaren Jo Nesbø blir nemnt i dette? Det kan Johan Remen Evensen forklare deg.
– Nesbø er svært hoppinteressert og han hadde for nokre år sidan ein lang prat med hoppsjef Walter Hofer. Dei snakka om korleis dei kunne gjere hoppsporten betre og noko av dei kom fram til var denne linja som kunne gjere produktet betre, fortel Evensen.
Så spørst det om dei høge herrar blir einige om pengane før du set deg i TV-stolen klar for nyttårshopprennet i morgon.