Sogndal er eitt av åtte eliteserielag som framleis kjempar om ein plass i haustens cupfinale på Ullevaal.
Når trekninga av fjerde runde skjer på NRK1 klokka 1945 ligg også åtte 1. divisjonsklubbar i hatten.
- LES OGSÅ:
– Eg vil heilst ha Adecco-lag. Vi får vel bortekamp, så då må det vere eit lag som ikkje er så formsterke heime, seier midtstopparklippa Gustav Valsvik.
RBK i finalen
For noko eliteserielag ynskjer ikkje Valsvik at dei skal få heilt enno. I alle fall ikkje Rosenborg.
– Nei, dei kan vi heller møte i finalen, humrar han og vedgår at det blir ein spennande kveld sett med Sogndal-auge. Og han har tenkt å følgje trekninga på TV.
- LES OGSÅ:
– Ja, det er no mykje kan bli avgjort med tanke på cupen. Med grei motstander og avansement, så kan vi gå heile vegen til finalen. Det er jo det vi håpar på, held Valsvik fram.
Spent Valsvik
Sogndal har teke seg gjennom dei tre første rundane med å slå Tornado Måløy, Træff og Ull./Kisa. Begge dei siste kampane måtte dei slite.
- LES OGSÅ:
Mot 2. divisjonslaget Træff måtte det endåtil straffekonkurranse til.
– Mot Ull./Kisa var det mange tunge bein, men vi kjempa oss vidare. Eg er spent på kven vi får i neste runde, seier Valsvik.
– Cup eller serie?
Sogndal var tippa nord og ned i eliteserien, men avslutta vårsesongen med stil. Når haustsesongen startar att i slutten av juni, er det med eit Sogndal-lag på åttande plass.
– Kva betyr mest. Cup eller serien?
– Hadde du spurt dei eldre på laget, dei som ikkje har så mange sesongar att, så skal du ikkje sjå vekk i frå at dei kunne tenkt seg å rykkje ned om vi vinn cupen, ler Valsvik.
– Men for min del, sjølv om eg har veldig lyst på ein finale, så er det viktigaste å halde plassen, held Valsvik fram.