Like før pause sette Divock Origi inn sitt femte mål på fem kampar, og viste med det at formen no var bånnsolid i serieinnspurten.
Men like etter pause sette Everton-stoppar Ramiro Funes Mori ein brutal stoppar for 21-åringens supre flyt då han planta knottane knallhardt i høgrefoten til Origi.
Mori fekk marsjordre, medan Origi blei liggande lenge på Anfield-matta før han måtte av banen på båre.
– Kvalmt
Stemplinga skaper raseri og frustrasjon i sosiale medier.
Tidlegare Liverpool-spelar John Arne Riise er ikkje i tvil. Utvisninga var soleklar og taklinga så stygg at stopparkjempa Mamadou Sakho burde ha tatt eit oppgjør med Funes Mori i garderoben.
Liverpool Echo-journalist James Pearce fryktar no at Origi er ute for resten av sesongen og at eit potensielt EM er i fare.
«Eg blir kvalm av å sjå slike episodar,» skriv Daily Telegraphs Paul Hayward.
Superinnhopp
Med ein mann mindre enn Liverpool var Everton verkeleg sjanselause. Dei blå skapte ingenting i første omgang. I tillegg slapp dei inn to mål før laga gjekk i garderoben.
I andre omgang var det like slapt. Liverpool gjorde som dei ville og scora ytterlegare to gangar før full tid.
Gledeleg for Liverpool-fansen var det nok å sjå at Daniel Sturridge, som erstatta Origi, presenterte seg umiddelbart med scoring etter innhoppet. Coutinho og Sakho scora dei to øvrige måla i kampen.