- Dagens etappe startar 11.45 og du kan følgje den med tekstoppdateringar her. Radiosendinga startar klokka 14.00.
– Det går slakt oppover mot mål og det vert ein skikkeleg kraftspurt. Det passar Kristoff perfekt, og det er ikkje mange oppløp av denne typen i årets Tour de France, seier NRKs sykkelekspert, Dag Erik Pedersen.
Dagens etappe strekk seg over 223,5 kilometer og er den nest lengste i årets Tour. På den siste kilometeren stig det med 25 høgdemeter.
– Eg pleier å gjere det bra på lengre etappar, og eg er litt lettare enn nokon av dei tøffaste konkurrentane. Denne type oppløp passar meg bra, seier Alexander Kristoff.
- Les også:
Manglar 33 prosent
Alt ligg dermed til rette for norsk jubel i Frankrike, men eit stort skår i gleda er skaden til sisteopptrekkar Michael Mørkøv. Dansken gjekk i asfalten på den første etappen og fekk ein skade i låret, og hadde meir enn nok med å kome seg gjennom gårsdagens etappe.
SKADA: Danske Michael Mørkøv slit med ein lårskade, men håpar å komme seg gjennom dagens etappe.
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix– Det er ikkje krise, men ein mann mindre gjer at mange prosent av opptrekket forsvinn, seier Kristoff.
Det betyr at Jacopo Guarnieri vert sisteopptrekkar, medan Marco Haller skal få Kristoff i perfekt posisjon før spurten.
– Vi skal gjere det vi kan for at Alex vinn etappen, seier sportsdirektør i Katusja, Jose Azevedo.
Stang-ut
På den første etappen enda Kristoff på ein åttandeplass, etter at han fekk ein dårleg posisjon inn på oppløpet. I NM måtte han sjå Edvald Boasson Hagen stikke av med sigeren, etter eit overraskande rykk på den siste kilometeren.
– Eg trur han er ekstremt gira på å få det til å stemme, og at han er veldig revansjesugen etter dei to løpa, seier Pedersen.
NM-GULL: Edvald Boasson Hagen lurte alle og stakk av med sitt andre strake NM-gull på fellesstart. Han vann også tempoen.
Foto: Einar Landa / NTB scanpixFor det var ein tydeleg irritert Kristoff som måtte innsjå at NM-tittelen gjekk til Boasson Hagen for andre året på rad. Men trass litt motgang, Pedersen meiner han såg positive teikn frå Kristoff i går.
– Då han gjekk for poenga på den mellomspurten fekk han vist at akselerasjonen er i orden, og han såg mykje sprekare ut enn på den første etappen.
Få sjansar for spurtlaga
Pedersen trur ikkje ei utbrytargruppe vil snyte spurtlaga for etappesigeren i dag.
– Dei har berre seks-sju sjansar til å ta etappesigrar i år, og lag som Katusja, Etixx – Quick Step og Lotto Soudal vil køyra for Kristoff, Marcel Kittel og André Greipel, seier Pedersen.
- Les også:
Men det er ikkje berre Kristoff som har gode sjansar til å hevda seg i dag.
– Avslutninga passar bra for Boasson Hagen, om han ikkje må køyre for Mark Cavendish. Edvald har vist god form, seier Pedersen, som ikkje trur velten til Boasson Hagen på den første etappen vil hindra han for mykje.
- Les også:
TOPP 10?: Sondre Holst Enger tok 11.-plassen på den første etappen i sin Tour-debut. I dag jaktar han ei topp 10-plassering.
Foto: Morten Stenberg, NRK